Hopp til innhold

Tørum: – Vi MÅ vinne

Start-trenar Knut Tørum trur laget er ute av medaljekampen dersom sørlendingane ikkje maktar å slå Hønefoss.

Knut Tørum

MÅ HA TRE POENG: Knut Tørum trur Start må ha tre poeng for å halde liv i draumen om medalje i årets eliteserie. (Arkivfoto)

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

– Det trur eg. Då vert det langt fram. Då må vi vel vinne resten av kampane for å ha eit håp. Med tre poeng og fullt trøkk mot Tromsø neste helg kan det kanskje bli ein spennande haust med medaljesnakk i krokane, seier Tørum til NRK.no.

Tøff kamp

Start møter eit Hønefoss-lag som må ha poeng for å ikkje bli hekta av i kampen om sikker plass. Laget ligg fire poeng bak Molde føre kveldens kamp.

Tørum trur Start vil få tøff kamp om poenga mot eit Hønefoss-lag i poengnaud.

– Det er ein grunn til at dei har hamna der dei har gjort på tabellen. Men at dei skal leggje seg bakpå frå start og prøve å ri i land eitt poeng blir heilt feil for dei. Hønefoss kjem til å gå i angrep. Så får vi sjå korleis kampen utviklar seg, seier Tørum.

– Det er to motiverte lag som går utpå matta i dag. Hønefoss må ha poeng for å overleve i eliteserien. Vi må ha poeng for å vere med i medaljekampen, seier Tørum.

Same mannskap

I vår vann Start 2-0 heime på Sør Arena.

Tørum stiller med same mannskapi dagens kamp, som slo Strømsgodset 4-1 i sist serierunde.

– Det er ein gjeng i god form. Vi har bra flyt og har spelt mange gode kampar på rad. Eg håpar og trur at vi kan halde fram i det sporet, seier Tørum.

– Vi blir glade om vi kan ta med oss tre poeng. Det hadde vore morro. Då lever iallefall medaljehåpet inn mot neste seriekamp heime mot Tromsø, seier Tørum.

Hønefoss-trenar Reidar Vågnes ventar at laget hans er skjerpa i kveldens kamp mot sørlendingane.

Reidar Vågnes, Hønefoss

VIL HA TRØKK: Hønefoss-trenar Reidar Vågnes vil ha fullt trøkk frå start i kveldens kamp.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

«Blø for drakta»

– Eg veit det er ein klisjé, men likefullt sant. Spelarane skal «blø» for Hønefoss-drakta. Det må bety veldig mykje for dei å vinne kampen, og vi skal vere klar over at det er prestasjonen som ber resultatet, seier Vågnes til Ringerikes Blad.

LES OGSÅ: Siste sjanse for medaljehøst

– Vi spelar på heimebane, og vi må vise folk at vi er villige til å ha det vondt for å vinne fotballkampar, legg han til.

– Vi veit kva Start kjem med, men vi kan ikkje ha så mykje fokus på det. Vi må øve på vårt eige spel, vere kloke og smarte, seier Vågnes.

Følg kampen direkte her

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %