NRK Meny
Normal

To personar gjekk gjennom isen

To menn på 22 år er redda etter å ha gått gjennom isen på Eikelandsvannet i Vennesla.

Gjekk gjennom isen på Eikelandsvannet

To personar er sende til sjukehus etter å ha gått gjennom isen på Eikelandsvannet. Kameratar skal ha henta dei opp frå vatnet etter å ha rodd ut med ein båt.

Foto: Tor Saltrøe

– Vi har fått melding om at to personar har gått gjennom isen, men begge skal no vere oppe igjen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.

Ambulanse i Kristiansand
Foto: Tor Saltrøe/NRK

Dei to er sende til sjukehuset i Kristiansand. Den eine med luftambulanse. Den andre med ambulanse.

Begge skal vere bevisst, ifølgje politiet.

Var på tur

22-åringane skal ha vore ein del av eit turfølgje på seks personar. Dei to bestemte seg for å gå rett over vatnet i staden for å gå rundt.

Mennene skal ha gått gjennom isen omtrent midt ute på vatnet, kring 100 meter frå land.

Dei to mennene skal ha blitt redda opp frå vatnet av turkameratane som kom seg ut med ein båt som låg i nærleiken. Dei to skal ha vore i vatnet i meir enn ti minutt.

Sende dykkarar og luftambulanse

Politiet vart varsla om hendinga klokka 17.35. Kring ti minutt seinare melde politiet at dei to var oppe frå vatnet.

Politiet sende både dykkarar, luftambulanse og brannvesen til staden.

Berre kring halvparten av vatnet er islagt.

Laster kart, vennligst vent...