Hopp til innhold

To gauper skotne på Sørlandet

Med ein og ein halvtimes mellomrom vart to gauper felt i Marnardal og Farsund torsdag.

Felte gaupe i Marnardal

SKOTEN: Denne gaupa vart felt i Marnardal torsdag.

Foto: Privat

– Det var ein ganske stor hanne på 21,7 kilo. Den hadde vi jakta sidan tysdag kveld. Vi hadde spora den heile vegen. Fellinga gjekk veldig greitt seier leiar i jaktlaget Trond Refsnes til NRK.no.

Gaupa vart felt i Bjelland i Marnardal. Berre ein og ein halv time seinare vart ei ny gaupe felt. Denne gangen var det i Farsund, skriv Fædrelandsvennen. Også dette var ein hanngaupe. Gaupa var 20,2 kilo.

Jaktar nye gauper

Refsnes var ute å leita etter nye spor då NRK ringde fredag ettermiddag. Han meiner det er viktig å tynne ut gaupebestanden på Sørlandet.

– Eg tykkjer det er bra vi har felt to. Lokalt i Audnedal og kringliggjande kommunar er det ein bra stamme, seier han.

Jakta held fram, men Refsnes er usikker på om dei klarar å felle fleire gauper.

– Gaupejakt er avhengig av sporingsforhold. No fekk vi mildvêret som gjer at snøen forsvinn allereie i morgon. Men dersom vi får meir snø har eg trua. Viss ikkje ser det mørkt ut, seier han.

To ungdyr

Mellom 1. februar og 31. mars er det kvotefri gaupejakt på Sørlandet. Rundt 20 personar og to hundar deltok i jakta i Marnardal, ifølgje fvn.no.

Ifølgje Fylkesmannen i Vest-Agder var det to ungdyr som vart felt.

– Liten grad av tannslitasje tyder på at dei er forholdsvis unge, men vaksne, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Skrottane skal bli brukt til miljøfaglege undersøkjingar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %