Hopp til innhold

Tilbake etter skademareritt - ordna nytt NM-gull

Landslagsstjerna Henny Reistad har vore ute med skade sidan i sommar. I cupfinalen gjorde 19-åringen comeback og viste gamle takter.

Henny Reistad

Sjå vår sending med jubel og reaksjonar etter Vipers sitt tredje cupgull på tre år.

– Det var veldig deilig. Eg har forsøkt å bygge meg fysisk fram mot denne kampen. Så eg har fått nokre treningar med laget og det har gått bra. Eg har brukt tida godt, seier Reistad etter cuptriumfen.

Det vart «same procedure as last year», då Vipers møtte Storhamar i cupfinalen. Sørlendingane vann.

Storhamar måtte ta til takke med nok ein sølvmedalje. Vipers vann finalen 29-26 i Oslo spektrum.

I ei av hovudrollene var stortalentet Henny Reistad, som har vore ute med ein prolaps i eit halvt år.

VM i Japan glapp for landslagsstjerna, men i cupfinalen gjorde ho comeback. Der var ho ein stor bidragsytar til at Vipers kunne innkassere sitt tredje strake NM-gull.

TEp1QoX6u7M

Heidi Løke løftar det synlege beviset på at Vipers er NM-vinnar for tredje gang.

Foto: Terje Bendiksby

Storhamar kom tilbake

Storhamar yppa seg i første omgang då det stod uavgjort midtvegs. Det var då Henny Reistad kom på bana, og Vipers drog gravis ifrå.

Reistad noterte seg for tre scoringar første omgang. Berre Heidi Løke, med sine fem scoringar, fekk fleire ballar i nettet av Vipers-spelarane.

Det stod 15-11 til Vipers til pause.

Andre omgang såg ut til å bli nærast ein parademarsj for kristiansandsklubben, som tok bronse i meisterligaen førre sesong. Men Storhamar kjempa seg inn igjen i kampen.

Etter å ha ligge sju mål bak var hedmarkingane berre to mål bak då det stod att fire minutt.

Men då Reistad sette inn 28-25 minuttet før slutt var gullet eit faktum. Men for eit halvt år sidan var ikkje 19-åringen i stand til å spele handball. Smertene var så store at ho hadde problem med å sitte på i bil.

– Då eg skulle besøke familie måtte eg ha liggesete i bilen. Det er heilt sjukt deilig. Eg er veldig letta over at vi klarte dette som lag. No blir det ei bra feiring, seier Reistad.

g2p0fxKK7DU

Emilie Hegh Arntzen og Vipers Kristiansand slo Storhamar 29-26 i cupfinalen i handball.

Foto: Terje Bendiksby

16 NM-finalar på trenaren

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad deltok i sin 16. NM-finale. Samstundes sikra han sin 15. gullmedalje.

– Det smakar like godt, men eg er nok litt rolegare i forkant av finalen. Det er veldig moro med dei som får sitt første NM-gull. Eg er veldig nøgd med sigeren sjølv om dette ikkje er ein kamp eg kjem til å kose meg med resten av jula, seier Gjekstad, som også var imponert av Henny Reistad.

– Det såg ikkje ut som om ho var vore skada. Det går i hundre det. Det er veldig gøy at ho er tilbake, seier Gjekstad.

Heidi Løke

I fjor spelte Heidi Løke for tapande cupfinalist Storhamar. I år spelte ho for Vipers og slo dermed gamle lagvenninner i cupfinalen.

Foto: Terje Bendiksby

Viktige kampar over nyttår

Høgdepunkta står i kø for Vipers over nyttår. Klubben ligg på andreplass i si gruppe i hovudrunden i meisterligaen, og er godt i rute til å ta seg vidare til i ein kvartfinale.

Klubben toppar også eliteserietabellen suverent.

Laget har ikkje tapt ein einaste kamp i eliteserien så langt denne sesongen.

Vipers vann både serie, sluttspel og cupen her heime i Norge føre sesong.

g2p0fxKK7DU
Foto: Terje Bendiksby

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %