Hopp til innhold

Supertalentet ute med ny singel

Som 11-åring sjarmerte Lila Elveseter Abrahamsen heile Norge med si tolking av Demi Lovato-song. No er ho ute med eigen singel.

Lila har sin nye låt på sin egen spilleliste

Sjå intervju og få ein smakebit av songen «Don't Let Go» med Lila Elveseter Abrahamsen.

– Eg tykkjer det er litt surrealistisk at eg har fått gjere alt har gjort, og at eg no får gje ut eigen singel som 14-åring, seier ho til NRK.

Lila Elveseter Abrahamsen

Som 12-åring gav Lila Elveseter Abrahamsen ut sin første singel. Her er ho på innspeling av musikkvideoen til «The Day You'll find me».

Foto: Janne Aateigen / NRK

Det var i 2014 vi vart kjende med talentet frå Lyngdal første gong. Ho fekk massiv merksemd på Youtube der ho tolka Demi Lovato sin song «Give Your Heart a Break».

Elveseter Abrahamsen fekk blant anna omtale av den amerikanske talk show-dronninga Ellen DeGeneres.

Truleg tidenes yngste

Hausten same år skreiv ho kontrakt med det internasjonale plateselskapet Universal Music. Kort tid etter gav ho ut singelen «The Day You'll find me».

Det skal ha vore første gong at plateselskapet gav platekontrakt til 12-åring. Fredag sleppte ho sin andre singel «Don't Let Go». Natta før vart det lite søvn.

– Eg klarte ikkje å sove før den var ute. Eg låg og høyrde på den og la den til lista mi, og tok den av igjen, og la den til igjen. Eg tykte det var så rart å ha min eigen song på mi eiga liste. Det var veldig surrealistisk.

–​ Eg er utruleg takknemleg for at folk har trua på meg og at folk er interessert i at eg skal gjere det bra. Det betyr utruleg mykje, seier ho.

Donkeyboy-samarbeid

Sangen har allereie blitt spelt over 100 000 gonger på Spotify.

– Det er utruleg bra korleis songen har blitt teke imot. Eg går berre rundt og smiler, seier ho.

No samarbeider 14-åringen blant anna med Donkeyboy gjennom selskapet Drabant Music.

Ho er mektig imponert over både Donkeyboy og plateselskapet.

– Dei har planar om at eg skal jobbe med forskjellige, slik at eg skal utvikle meg sangmessig, og lære meg å skrive, seier ho.

Drøymer om musikkarriere

– Å få jobbe med så flinke folk vil eg vekse på. Eg vil sjå ulike måtar å jobbe på, og eg blir inspirert til å lage eige materiale. Eg har byrja på noko, men det er veldig vanskeleg. Eg trur dette betyr for meg at eg er nærare å vekse til den eg vil bli, seier ho.

– Kven vil du bli i musikken?

– Det er noko eg tenker på veldig ofte. Kva slags musikk eg vil gje ut og kven skal høyre på musikken. Eg har ikkje noko svar på det, men eg trur eg vil finne meg sjølv med tida og finne ut kva artist eg skal vere. Draumen min er å halde på med dette, seier ho.

14-åringen frå Lyngdal går ei hektisk helg i møte. Fredag startar ho med intervju på Nitimen i NRK P1. Deretter går det slag i slag med ei lang rekkje intervju.

– Det blir ei travel og veldig gøy helg, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %