Hopp til innhold

Suksesstrenaren gir seg

Vipers Kristiansand-trenar, Peder Langfeldt, står fast ved at han sluttar som trenar i klubben etter denne sesongen. Onsdag kveld sikra Vipers sin første cupfinale i historien. Motstandar i finalen vert Larvik.

Peder Langfeldt, Vipers Kristiansand

SLUTTAR: Peder Langfeldt står fast ved at han sluttar som trenar etter denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det skal heilt usannsynleg mykje til for at eg går på ein ny sesong som trenar. Eg føler verkeleg at jentene fortener ein ny trenar som har dette som levebrød og ikkje gjer dette på amatørmessig grunnlag, seier Langfeldt.

Onsdag kveld kunne han sleppe jubelen laus saman med glade Vipers-jenter etter semifinalesigeren mot Gjøvik. Laget er klar for Sørlandet sin første cupfinale sidan 1980 då Kristiansand IF vann.

Vipers Kristiansand

FINALE: Vipers-jentene kunne sleppe jubelen laus etter å ha slege Gjøvik i semifinalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ståande applaus

Dei siste fem minutta vart ein rein sigersmarsj med ståande applaus frå nesten 1000 publikummarar heime i Karusshallen.

Veronica Kristiansen

Veronica Kristiansen

Foto: Sander Heggheim/NRK

Michelle Brandstrup

Michelle Brandstrup

Foto: Sander Heggheim/NRK
Janne Kjelstrup Olsen

Janne Kjelstrup Olsen

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Eg berre stod der og var heilt apatisk. Eg følte eg var i ei heilt anna verd. Ting berre flaut, og eg såg på klokka og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Det var ei merkeleg kjensle, men det var vanvittig deilig, seier Langfeldt.

– Eg visste at vi hadde klart det, men ikkje heilt korleis eg skulle reagere, seier Vipers-trenaren.

Langfeldt har ført Vipers til to finalar under si tid som trenar. For to år sidan spelte laget seg fram til finale i seriesluttspelet. Der vart det tapt mot Larvik. 30. desember er Larvik igjen motstandard, men denne gang i den gjevaste cupen der NM-pokalen er målet.

Juleferien ryk

No håpar Langfeldt at dette kan bli starten på ein stor opptur for Vipers Kristiansand og sørlandshandballen.

– Det er viktig å stille oss i ein situasjon der vi kan oppleve dette oftare ved å spele godt i serien, gjere oss attraktive for andre spelarar og sponsorar. Det kristiansandarane såg i går er ekte spelarglede og ekte idrettsutøvarar som har det vanvittig bra saman, seier Langfeldt.

Med cupfinale ryk det meste av juleferien for Vipers-jentene. Men med spel føre tusen tilskodarar i Oslo Spektrum skal det gå greit, meiner ein av hovudpersonane.

– Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg endå. Men det er heilt sinnsjukt fett å vakne opp å vite at vi knuste Gjøvik i går, seier Michelle Brandstrup som scora to mål i semifinalen.

Heilt sjukt

– Det er berre heilt sjukt. Berre i går med 900 tilskodarar var heilt sjukt. Det vert eit kjempeoppleving og vi må ta utfordringa og nye det medan det står på. Det er berre 60 minutt du får lov til å oppleve det, seier ho.

Trenar Peder Langfeldt meiner det er viktig å nyte kjensla over å vere i ein cupfinale.

– Det er klart at dette vert ein fest for oss. Vi har aldri vore der tidlegare og vi må få lov til å gle oss veldig til det. Det er viktig å suge på denne karamellen i eit par dagar, så må vi lade batteria mot Stabæk, seier han.

Ingunn Birkeland, Vipers Kristiansand

GODE: Vipers Kristiansand leverte ein sterk andre omgang. Her er det Ingunn Birkeland som kjem seg forbi Gjøvik-forsvaret.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Skal ut i Europa

– Eg håpar alle kjem tilbake til Karusshallen og hjelper oss i den kampen. Etter der har vi ein og ein halv månad på å gle oss og førebu oss til cupfinalen, smiler han.

Men han er klar på at det er uaktuelt å gå på ein ny sesong som trenar, trass i cupsuksessen. Langfeldt er den første som har klart å føre laget til ein cupfinale.

– Jentene fortenar ein trenar som kan ta dei vidare. No skal vi også ut i Europa og då trur eg det er viktig med ein trenar som har internasjonal erfaring, seier Langfeldt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %