Hopp til innhold

Studentar sperra inne i tre døgn - klagar til den israelske ambassade

Bibelskolen i Grimstad har klaga til Israels ambassade etter at fire studentar vart haldne i forvaring i tre døgn, angiveleg fordi dei skulle til Betlehem.

Bibelskolen i Grimstad i Midtøsten

Kristine Myrvang (t.v.), Hanne Skarstein, Stian Stokkebekk og Sven Benjamin Kleveland var sperra inne i fleire dagar.

Foto: Privat

Ein ny praksis i Israel forbyr besøkande å reise til den okkuperte Vestbredden, der Jesu fødeby ligg.

– Dei fleste kjefta på oss og vi måtte sitte der inne og fekk ikkje svar på kvifor vi sat der. Vi sat eigentleg berre og venta, seier den 19-årige Bibelskule-studenten Hanne Skarstein til NRK.

Vart nekta visum

– Den eine dagen fekk vi ikkje mat på ni timar, så då var vi veldig svoltne, seier ho.

I mars skulle ho og tre andre medstudentar på same alder til det Hellige land. To skulle til Jerusalem der dei mellom anna skulle hjelpe holocaust-overlevande og dele ut klede og mat til trengande.

Sidan to av dei fire studentane skulle til Betlehem vart alle nekta visum, men vart derimot sett i forvaring i små celler.

– Det var bæsj på veggen, og vi fekk lite mat og vi fekk ein time lufting om dagen, fortel Skarstein.

– Uakseptabel behandling

Bibelskolen i Grimstad har no sendt ein klage til den Israelske ambassaden, med krav om ei forklaring.

– Det vi klagar på er behandlinga som eg tykkjer er uakseptabel, at dei vart stengt inne i tre døgn utan ei forklaring, seier linjeleiar Karin Riska ved skulen, som no er usikker på om skulen kan sende fleire studentar etter dette.

Ambassaden skriv i ein e-post til NRK at ein no skal undersøke kva som har skjedd.

Når bilete er klart vert representantar for Bibelskolen invitert til ambassaden for å få ei forklaring.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %