Hopp til innhold

Start nær sikker plass

Start tok laurdag eitt skritt vekk frå nedrykk. Start vann 3-1 over Fredrikstad og fekk ei luke til dei to nedste laga på tabellen.

Start
Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

For første gang sidan tidleg på sommeren har Start kome seg vekk frå nedrykksplass i Tippeligaen.

Fredrik Strømstad, Bernt Hulsker og Martin Borre skora for heimelaget. Hulsker hadde i tillegg to målgjevande pasningar.

Gardar Johansson reduserte to minutt før full tid.

Fortent siger

Sigeren var heilt fortent. Motstandarane har vanlegvis fått fritt spelerom mot slutten av kampane, men FFK skapte lite i Kristiansand.

Ti minutt før slutt gjekk bølgen for første gong på Sør Arena. Dei 10914 tilskodarane var godt nøgde med ein kamp som for ein gongs skuld ikkje vart spanande.

Lite foran Starts mål

Tarik Elyounoussi Fredrikstad - Start på Sør stadion

Tarik Elyounoussi ble byttet ut i andre omgang etter en laber innsats. Bak ser vi Starts Steinar Pedersen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Ole Martin Årst brann og eit straffespark rett etter leiiarmålet. Dommer Kjell Alseth gav ein billeg mogelegheit frå merket .

Martin Borre hadde ikkje mykje kontakt med Sjøberg frå FFK. Men Staw gjorde ein god redning på den ikkje alt for harde straffen.

Gjestane frå Østfold var like tannlause som dei har vore på bortebane i stort sett heile år. 

Start på kvalifiseringsplass

Start er no på kvalifiseringsplass på tabellen. De ligger to poeng bak Ålsesund, som er på sikker plass.Start har og fått ei luke til dei to nedste plassane som gjev direkte nedrykk. Det er heile seks poeng ned til Odd Grenland. Start har tre kampar att av sesongen.

Endrar ikkje vinnarlaget

Lennartson ser ut til å ha bestemt seg for kva som er den sterkaste oppstillinga i Start i ein 4-4-2 formasjon. Start har teke ni av tolv poeng etter at Lennartson tok over.

I flott haustver i Kristiansand starta desse elleve for Start lørdag kveld:

Kenneth Høie- Steinar Pedersen, Atle Roar Håland, Inge Andre Olsen, Kristoffer Paulsen- Martin Borre, Ygor Marciel Santiago, Fredrik Strømstad, Jon Midttun Lie- Bernt Hulsker, Ole Martin Årst.

Starts trener Benny Lennartson

Starts trener Benny Lennartson

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %