Hopp til innhold

– Stadig fleire Nigeria-prostituerte i Kristiansand

Kristiansand har den fjerde største prostitusjonsmarknaden i landet. Gateprostitusjon med kvinner frå Nigeria aukar mest.

Prostitusjon i Bergen sentrum

Det kjem stadig fleire kvinner frå Nigeria til Kristiansand for å prostituere seg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Innemarknaden har halde seg ganske jamn, men gateprostitusjonen aukar, seier feltsjukepleiar Liv Bente Sunde i Kristiansand kommune til NRK.

Måndag fortalde NRK at politiet hadde gjennomført ein razzia mot eit bustadhus på Grim i Kristiansand. Då politiet aksjonerte vart det avdekt at fleire nigerianske prostituerte hadde tilhald i ein etasje i huset.

Går langs gatene

For eit drygt år sidan gjekk det berre rykte om gateprostituerte i kommunen. No reknar ein med at mellom 6–8 nigerianske kvinner opererer i utemarknaden til ei kvar tid.

– Dei går langs gatene. Dei går der publikum er, seier Sunde.

– Det er folk som bur her ei lita stund og så reiser dei att, seier ho.

Kommunen følgjer heile tida med på prostitusjonsmarknaden i byen og har faste nettstader som vert overvaka.

– Der er talet jamt stort sett heile året. Rundt 20 personar, seier Sunde.

Gir gratis kondomar

Kommunen har sett i verk fleire tiltak for å hjelpe gateprostituerte i Kristiansand. Mellom anna tilbyr dei gratis kondomar.

– Vi gir tilbod om gratis kondomar, glidekrem og smitteførebyggjande arbeid. Vi hjelper dei til lege om dei treng det og sosialfaglege ting, seier ho.

– Fryktar de at dette er ei utfordring som vil bli aukande?

– Vi tenkjer at det er det. Det aukar på landbasis og då vil det auke her også, seier Sunde.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %