Hopp til innhold

Sommarvarmen fortset: – Ser ikkje kalde prognosar

Ikkje sidan 2018 har vi hatt ein varmare mai-start på Sørlandet. Ifølge meteorologane vil sommarvarmen vare dei neste to vekene. Men først kjem regnet.

Folk badet og koste seg på Dvergsnestangen i Kristiansand i pinsen.

Folk bada og koste seg på Dversnestangen i Kristiansand i pinsa.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Det er lenge sidan det har vore så varmt så tidleg på året, konstaterer statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

I pinsa har folk i Sør-Noreg kost seg med høge sommartemperaturar, is og bading. Varmast i Agder var det i Valle med 24, 2 varmegrader 2. pinsedag.

Deretter følgde Åseral og Lyngdal med 24, 1 varmegrader.

Ifølge Walløe har det ikkje vore så varmt på Sørlandet i starten av mai sidan 2018.

– Aust i Agder ligg mai-temperaturen tre grader over normalen mens han vest i fylket ligg fire–fem grader over normalen, seier meteorologen.

To jenter hopper fra brygga ved Auglandstjønn i Kristiansand.

Disse to jentene testa badetemperaturen i Auglandstjønn i Vågsbygd i Kristiansand.

Foto: Inger Lise Hansen / NRK

Litt regn torsdag og fredag

Han lovar solhungrige sørlendingar at vêret framleis vil halde seg fint, men at det kan bli nokre lokale regnbyer mot slutten av arbeidsveka.

– Høgtrykket er stabilt, men er litt trua sørfrå. Det er mykje nedbør på kontinentet som begynner å dra seg mot breiddegradene våre utpå torsdagen, seier Walløe.

Dermed kan det bli litt regnbyer torsdag og fredag.

Brekkestø.

Mange nytta høvet til å besøke isbaren på Brekkestø i Lillesand som kan lokke med det som skal vere den største kuleisen i landet.

Foto: Elin Skaar / NRK

Auka fare for skogbrann

Hittil i mai har det vore lite nedbør og skogbrannfaren er nå på raudt nivå stort sett i heile Agder.

I tillegg til at det er tørt er det også meldt ein del vind, noko som gjer at brannar potensielt kan spreie seg raskt om ein ikkje får kontroll på dei raskt.

– Litt regnbyer er kanskje godt nytt med tanke på skogbrannfaren?

– Ja, nokre bønder håpar nok også på litt regn snart. Da kan det komme ein del millimeter lokalt. Det har vore lite nedbør hittil i mai, seier Terje Alsvik Walløe.

Skjermbilde fra https://skogbrannfare.met.no.

Skjermdumpen viser brannfaren for tysdagen (biletet til venstre) og korleis det vil sjå ut på onsdag (biletet til høgre). Henta frå Brannfareindeksen.

Foto: Meteorologisk institutt

Trass i litt regnbyer vil sommarvarmen fortsette ei god stund til, ifølge Walløe.

Det er sommarlege temperaturar også med sol i helga. Men ikkje like stabilt som vi har hatt den siste tida.

Les også Stor skogbrannfare i Agder: – Din ild, ditt ansvar

Skogbrann Åmli

Høge badetemperaturar

I fleire av innsjøane i Agder, for eksempel Grimsvannet, har badetemperaturen allereie bikka 20-talet. I sjøen er temperaturen opp mot 17 grader.

– Det er veldig høge badetemperaturar. Ofte er vi ikkje på dette nivået i juli ein gong. Er ein glad i å bade bør ein nytte anledninga no når det er godt og varmt, og vi har sol.

– Vi bruker ikkje opp sommaren nå da?

– Nei, temperaturen ser ut til å ligge over snittet for årstida neste veke også og fram mot starten av juni. Eg kan ikkje sjå nokon kalde prognosar framover, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Vindstille ved Blindleia i Lillesand.

Nydeleg vêr og vindstille ved Blindleia i Lillesand i pinsa.

Foto: Elin Skaar / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Den rødlistede arten slettsnok er en av flere slanger som lever på Møvik i Kristiansand.

Har du sett denne slangen? Då vil Beate ha beskjed!

Sommerbris 2022

Utsolgt Sommerbris: – Dropp paraplyen

Siv Sørensen sitter og ser på en dataskjerm. Nærfoto. Hun er en kvinne i 40-årene, med langt lyst hår og briller. Bak henne er kontorlandskap.

PST svarte: «Hva kan man gjøre hvis tenåringen er involvert?»

Regnbueflagg

Vil ikke heise regnbue­flagget i Lyngdal: – Vi er skuffet

Torbjørn Nilsen

Anmeldes for hatytring etter innlegg på sosiale medier

null
Spiller nå
Reagerer på dette synet 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,59 kr
Dyrest kl. 00 1,13 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mai 2023 – mai 2024
    + 5,4 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %