– Alle søk i både sjø og luft er avslutta utan funn, opplyser politiførstebetjent i Agder politidistrikt Hans Waage.
Naudetatar rykka ut til Lyngholmen utanfor Brekkestø laurdag morgon etter meldingar om ein 31 fots båt som låg med botnen i været.
Ifølgje Waage er det ingen indikasjonar på at personar skal vere i nød.
Sidan klokka åtte laurdag morgon har KRB Kristiansand, politiet, Sea King-helikopter, dykkarar og Røde Kors søkt i området ved Lyngholmen etter personar.
– Vi fekk ei melding rundt klokka åtte i dag tidleg om ein båt som var kantra og mogleg drukning utanfor Brekkestø, opplyser Håkon Kristoffersen, utrykkingsleiar i KBR Lillesand.
Då dei kom fram var båten gått ned.
– Vi har søkt gjennom båten utan funn. Vi har snudd båten og tømt den for vatn, og det er ingen personar i båten. Vi har også dykka i eit stort område, men ikkje sett noko teikn til nokon personar, seier Kristoffersen.
Båten har blitt taua til land, og skal fraktast til Lillesand.
Det vist seg at båten var blitt stole frå Høvåg i løpet av natta.
Politiet ber personar som har kjennskap til båten ta kontakt.