– Kaldlufta frå nord pressar på, og fleire stader vil det bli sludd eller snø dei neste dagane, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Meteorologisk institutt skriv at det kjem inn ein liten rakkar av eit lågtrykk frå vest.
Dette har kurs for Skagerak og Sørlandet, og vil gi både vind og nedbør. Nokre stader kjem nedbøren i form av snø.
Ikkje dei beste nyheitene for vårsvoltne sørlendingar i småsko kanskje.
Byglandsfjord i kvitt
Gislefoss reknar ikkje med at snøen vil legge seg i låglandet, men i Evje og Hornnes kommune kan det vere lurt å sette vinterskoa klare fredag morgon.
– Og i Byglandsfjord ser eg for meg 2–3 millimeter med regn eller sludd det neste døgnet, seier Gislefoss.
Han seier nedbøren kan treffe Hovden òg. Der kan det komme opptil fem centimeter med snø.
– På dagtid har vi sett ei snøgrense på 500 meter, men kveld og natt vil denne grensa gå ein del lågare, forklarer Gislefoss.
Han meiner at byane langs kysten blir skåna for snø, men dei får regn.
– Ikkje gi opp
Gislefoss er ein positiv mann og ber oss løfte blikket og tenke vårlege tankar.
– Hald motet oppe for tendensen er stigande temperatur, forsikrar han.
– Er det ei siste krampetrekning?
– Ja, vi får håpe det. Vi menneske ønsker våren velkommen, men naturen held litt igjen. April er ein lumsk vêrmånad og snøen er aldri langt unna, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.