– Eit hardtarbeidande Start-lag som torer å vise kva dei har av ferdigheiter og som torer å angripe, seier Pedersen til NRK.
Det er oppskrifta for å få folk tilbake på tribunane.
2015-sesongen vart igjen ein skuffande sesong sett med gule og svarte auge.
Både resultatmessig og antall selde billettar til heimekampane.
Likar ikkje negative folk
Tilskodarsnittet på 6155 var ørlite bedre enn året før då i snitt 5962 publikummarar såg Start på heimebane.
– Eg er oppteken av at vi er optimistiske og positive. Eg er ikkje så veldig glad i negative folk. Vi har byrja 2016 på vår måte. Det har vi tru på, og det er det som gjeld no, seier han.
Start har allereie signalisert at dei trur på færre sesongkortsal enn i fjor.
– Så får folk glede seg til det vi skal gjennom, komme hit og bry seg om klubben. Vi tåler å bli kritisert. Det går heilt fint, men negativitet i forkant er eg ikkje så glad i, seier Start-trenaren.
Gjekk i overskot
Svake tilskodartal pregar også økonomien i Start.
– Vi har ein skjør økonomi i klubben, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal.
2016 blir endå eit krevjande år.
Klubben landar truleg på eit budsjett under 50 millionar kroner, som er det lågaste på mange år.
– Vi har ganske bra kontroll og har laga eit ganske nøkternt budsjett i år. Vi må snu kvar einaste krone, seier Brandsdal.
Klubben har henta inn ei rekkje nye spelarar før den nye sesongen. Ei heilt ny forsvarsrekke med Henrik Robstad, Jens Kristian Skogmo og finnen Tapio Heikkilä. I tillegg er det knytt store forventningar til den nigerianske spissen Uduak Idemokon.
– Vellukka sesong om vi klarer oss
Men Steinar Pedersen har ikkje sett noko resultatmål før debutsesongen som trenar i eliteserien.
– Det er ikkje så viktig for meg. Dersom vi trenar hardt nok og jobbar knallhardt og førebur oss maks til kvar kamp, så får vi som fortjent. Er det ein 10. eller 9. plass, så blir det det, seier Pedersen.
– Eg anser det som ein vellukka sesong om vi spelar eliteserien i 2017. Vi har tenkt til å vere så gode som overhodet mogleg. Så får vi som fortjent, seier trenaren.
Søndag opnar Start sesongen med heimekamp mot Lillestrøm på Sør Arena.