Hopp til innhold

Slepp straff for uaktsom køyring

Den 76 år gamle kvinna ignorerte skilt og køyrde inn i løypa der ho holdt på å kollidere med ein rallybil under Rally Grimstad.

Episoden skjedde i august under ei fartsetappe i Rally Grimstad . Rallybilen som kom køyrande i stor fart måtte køyre inn i eit autovern for å unngå å treffe kvinna. Arrangøren melde kvinna straks til politiet for å ha brote sperringane.

Henlagt

– Saka er henlagt etter bevisets stilling, seier førstebetjent Leif Viken ved Grimstad-politiet til Grimstad Adressetidende.

Forsikringsselskapet er endå ikkje ferdig med si behandling av saka.

– Det kan jo tenkjast at standpunktet vert svekka for arrangøren sin del når ikkje saka endar med reaksjon mot kvinna. Det kan jo hende at dei ulike partane sine forsikringsselskap ikkje vil ta noko ansvar når ikkje politiet kjem til nokon konklusjon, seier rallyførar Rune Danneborg som er primus motor for arrangementet.

– Burde ha fått reaksjon

Han meiner 76-åringen burde ha blitt straffa.

– Kvinna burde ha fått ein reaksjon frå påtalemakta. Ho kunne i det minste ha ringt Jarle Lippert og takka for at han redda livet hennar, seier Danneborg.

Det var rallyførar Jarle Lippert som måtte køyre i autovernet for å ikkje treffe bilen til kvinna. Han var særs opprørt etter epiosden i august.

– Eg har køyrt rally sidan 1995, og dette er det verste eg har vore med på. Hadde vi smelt front til front i 150 km/t, kunne ho blitt drepen. Kvinna burde ha respektert skilta. Hårreisande, sa han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %