NRK Meny
Normal

Slått av fleire personar

Slåstkampar, urinering på offentleg stad og ruteknusing er noko av det politiet har måtte ta hand om natt til søndag. Her er politiloggen.

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

03.10 Kristiansand: Fleire personar er i løpet av natta tekne for urinering på offentleg stad. – Alle vil bli solid bøtelagde, skriv politiet.

03.01 Arendal: Ein person skal ha blitt slått av fleire andre personar. Personen vart køyrd til legevakta for sjekk. Saka vil bli etterforska.

01.21 Farsund: Ein person vart slått i ansiktet, men er ikkje alvorleg skada. Politiet etterforskar saka.

01.30 Kristiansand: Ein person vart send til legevakta etter å ha blitt slått inne på ein utestad.

00.48 Arendal: Tre personar vart melde for å drikking på offentleg stad.

00.19 Songdalen: Ein person vart send til legevakta for sjekk etter ein slåstkamp utanfor bensinstasjonen på Brennåsen. Saka vert etterforska.

22.34 Mandal: Ein person vart sett i arresten etter å ha knust eit vindauge. Politiet beskriv personen som utagerande og rusa.

22.20 Mandal: Ein person stakk frå ulykkesstaden etter ei ulykke. Politiet fann etter kvart personen, som ikkje var skada etter ulykka.

21.04 Kristiansand: Ein person vart sett i arresten etter å ha truga folk med kniv. Personen vart pågripen utan dramatikk.