Hopp til innhold

Skule åtvarar mot eldre mann

Nedenes skole i Arendal slo alarm etter at ein eldre mann skal ha oppsøkt og invitert skuleelevar heim til seg.

Nedenes skole

Nedenes skole i Arendal varsla føresette etter at ein mann skal ha invitert elevar heim til seg.

Foto: NRK

– Vi vart gjort kjent med at fleire elevar skal ha blitt kontakta av ein mann som ynskte at dei skulle vere med han heim. Dette skapte såpass mykje uvisse i miljøet at vi tenkte at foreldra hadde rett til å vite om det, seier rektor Olav Vikse til NRK.

Fleire av ungdomsskuleelevane skal den siste tida ha blitt oppsøk av mannen på ein butikk, som ligg 300–400 meter frå skulen.

Skal ikkje ha vore trugande

«Vi vet ingenting om mannens intensjoner, men vet at noen av elevene har opplevd kontakten som ubehageleg», skriv rektoren i meldinga.

– Så vidt eg veit er det ingen eller få som har opplevd det som trugande, men som rart, seier rektoren. ​

– Har de opplevd liknande tidlegare?

– For nokre år sidan hugsar eg rykte om menn i varebil som lokka barn til seg. Men eg kan ikkje hugse spesielle hendingar, men det ligg i så fall langt tilbake.

Føler seg trygge

Saka er meld til politiet. No føler rektoren seg trygg på at elevane slepp å oppleve liknande igjen.

– Det føler vi oss veldig trygge på. Politiet seier at dei har handtert saka. Men skulle nokon oppleve noko må dei ta kontakt med skulen eller politiet med ein gang, seier Vikse.

Systemet som vart nytta til å varsle foreldre og føresette er relativt nytt på skulen. Dette var den tredje meldinga rektor sende til foreldre og føresette i løpet av dei sju siste månadene.

– Systemet er veldig gunstig, men det er ei avveging om kor ofte vi skal bruke det. Vi har lagt oss på ei linje der eg som rektor er veldig restriktiv, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %