Hopp til innhold

Skuffa over publikumsoppmøtet til seriefinalen

ØIF Arendal er skuffa over publikumsoppmøtet til den viktige kampen mot Haslum. Berre 1350 tilskodarar fann vegen til hallen.

ØIF Arendal-supportarar

Dei som var der laga bra stemning, men det var god plass på tribunane mot Haslum.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Eg har ikkje peiling på kva som skal til her i Arendal. Det er skuffande. Det er seriefinalen med dei to beste laga i landet og det møter opp 1350. Eg veit ikkje kva slags sport dei likar her i Arendal. Eg har ikkje peiling, seier trenar Marinko Kurtovic.

Før kampen utropte han Haslum-kampen til årets kamp. Med siger ville ØIF feste eit godt grep om seriegullet.

Laget innfridde, men annankvar plass stod tom på tribunane.

Håpa på fullt hus

– Eg sakna nok tusen menneske som burde ha vore her. Når dei er sultefora på toppidrett i Aust-Agder så bør dei kanskje kjenne si besøkelsestid når vi spelar så viktige kampar, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Til semifinalen mot Elverum i cupen i fjor haust var hallen smekkfull med 2500 tilskodarar. Under cupfinalen i Oslo spektrum i desember var over 2000 sørlendingar på tribuna.

Men i sesongens nest siste heimekamp i serien var det altså berre i overkant av 1300 som fekk med seg ØIF Arendal slå Haslum i det som kan ha vore seriefinalen.

– Eg er overraska

– Det er kanskje mange mange år til vi er i denne posisjonen igjen. Eg blir litt overraska over at ikkje fleire finn vegen på ein onsdag der det ikkje skjer så mykje anna, men slik er det, seier Michelsen.

Svenske Marcus Dahlin vart overraska då han høyrde om tilskodartalet etter kampen mot Haslum.

– Oi, var det ikkje fleire? Det høyrtest i alle fall ut som det var mange fleire enn det. Dei som var her laga god stemning, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %