Hopp til innhold

Skogens konge på rad og rekke

Kristin Ilebekk Olsen frå Kristiansand trudde ikkje sine eigne auge då ho såg fem elgar på rad og rekke.

Video Elger på tur

VIDEO: Se videoklippet til Kristin Ilebekk Olsen.

Kristin Ilebekk Olsen og sonen

OPPLEVING: Kristin Ilebekk Olsen og sonen på seks år fekk seg ei flott naturoppleving.

Foto: Privat

– Eg måtte finne fram brillene for å sjå. Då tenkte eg jøss, det var jo fem elgar som stod der i ei klynge, seier Ilebekk Olsen.

Ho var på veg til hytta på Brokke saman med mannen og sonen på seks år, då dei var vitne til naturopplevinga på Byglandsfjorden.

Lang, lang rekke

– Vi stoppa bilen og såg litt på dei. Elgane byrja å tusle og gjekk på ei lang rekke, fortel ho.

Men det tok litt tid før ho forstod kva ho såg.

– Først trudde eg det var noko steinar eller noko. Men etterkvart såg eg jo at det var fem elgar. Det var kjekt å sjå, seier ho.

Ilebekk Olsen har aldri opplevd liknande tidlegare.

Store dyr

– Det er jo svære dyr og der er ikkje ofte ein ser elg. Iallefall ikkje fem på ein gang. Det er skjeldan, seier ho.

For 6-åringen hennar var det ei stor oppleving å sjå fem eksemplar av skogens konge på same tid.

– Han tykte det var veldig kjekt. Det var stort, seier ho.

Har du naturopplevingar du vil dele? Klikk her og tips oss!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %