Hopp til innhold

Brann i trafostasjon starta skogbrann

Ein brann i ein transformator ved Steinfoss kraftstasjon i Vennesla spreidde seg til skog.

Ein brann i ein transformator ved Steinfoss kraftstasjon i Vennesla har spreidd seg til skog.

VIDEO: Sjå video frå skogbrannen i Vennesla.

SISTE: Brannvesenet melder om at dei har kontroll over skogbrannen og at dei no driv ettersløkkjing.

Ifølgje politiet skal det førebels ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg til bustadområde.

– Vi har fått opp ein brannbil frå Kristiansand. Det pågår no sløkkjearbeid, seier Stig Trondsen, operatør ved 110-sentralen til NRK.

Leidning datt ned

Brannen har truleg starta i transformatoren etter at ein leidning har falle ned og ført til jordfeil.

– Vi samarbeider no med brannvesenet for å få sløkt brannen. Vi må jo stoppe straumtilførselen i området, seier kommunikasjonsrådgjevar i Agder Energi, Hanne Liv Refsnes.

Ifølgje Refsnes er det i første rekkje industrikundar som er utan straum ved 12.20-tida. Mellom andre Returkraft og Xstrata.

– Men når vi må kople ut straumen vil fleire vere utan straum til vi har fått sløkt brannen, seier ho.

– Nesten som fyrverkeri

Det er førebels uvisst kor mange som vil misse straumen.

NRKs reporter Knut Knudsen Eigeland var i området då det tok til å brenne.

– Vi høyrde knitring i leidningsnettet og plutseleg byrja det å gneiste voldsomt. Det small skikkeleg. Det var nesten som fyrverkeri, seier han.

Brannvesenet melder om at de har kontroll over skogbrannen i Vennesla og at de nå driver etterslukking.

VIDEO: Brannvesenet dreiv ettersløkkjing søndag ettermiddag.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %