Hopp til innhold

Brannsjef: – Berre flaks hindra storbrann

Brannvesenet har kontroll over skogbrannen ved Oftedal Næringsbygg i Sirdal. Brannen starta truleg etter bålbrenning.

Brannvesenet har kontroll over skogbrannen ved Oftedal Næringsbygg i Sirdal. Brannen starta truleg etter bålbrenning.

VIDEO: Brannvesenet fekk etterkvart kontroll over skogbrannen.

– Det viste seg at flammane ikkje hadde komme seg over ei myr. Vi fekk stoppa brannen før den drog seg vidare, men det var rein flaks. Vi var skikkeleg heldige at vi kom til staden så raskt som vi gjorde, seier brannsjef i Sirdal, Ivar Skreå til NRK.

Brann i Sirdal

Brannmannskap frå både Sirdal og Flekkefjord var med på sløkkinga.

Foto: Tor Sindre Tjomlid/Avisen Agder
Skogbrann i Sirdal

Det brann i eit hogstområde i Sirdal.

Foto: Tor Sindre Tjomlid/Avisen Agder
Skogbrann i Sirdal

Lokale bønder hjelpte til med sløkkingsarbeidet.

Foto: Lars Eie/NRK

Opp mot to mål skal vere svidd av, ifølgje brannsjefen.

Driv ettersløkking

Brannmannskap frå både Sirdal og Flekkefjord deltok i sløkkingsarbeidet. I tillegg stilte lokale bønder opp for å frakte vatn til staden.

Det er særs tørt i området og brannvesenet er redde for at brannen skal blusse opp att. Det vert no drive ettersløkking på staden.

– Vi kjem også til å pålegge grunneigar å ha vakt i området i kveld og i natt, seier Skreå.

– Ein ting er å sløkkje flammane, men det er ulminga som ligg nede i bakken som er vanskeleg å sjå. Difor må vi bløyte bakken skikkeleg før vi kan konstatere at det ikkje er fare for at det skal blusse opp att, seier brannsjefen.

Bål starta truleg brannen

Brannvesenet i Sirdal la ned totalforbod mot bruk av eld laurdag, skriv Agder. Likevel ser brannen ut til å ha starta etter bålbrenning.

– Eg tykkjer det er litt lite tankegang når det vert fyrt opp bål slik det er no. Det kan ha vore folk som ikkje har oppfatta informasjonen som har blitt gitt ut, seier han.

Brannvesenet legg no ned totalforbod mot bålbrenning også St. Hans.

– Vi hadde gitt løyve til å fyre opp eit bål på Tonstad, men det kuttar vi no. Sjølv om vi dynkar området rundt bålet, kan glør fyke av garde og antenne andre stader, seier han.

– Eg vil også åtvare folk mot å bruke grill, med mindre du er rimeleg sikker på at det ikkje kan starte ein brann, seier han.

skogbrann i Sirdal

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %