Hopp til innhold

Stor skogbrannfare på Sør- og Austlandet

Brannvesenet ber folk vere særs forsiktige med bruk av eld. – Det skal utruleg lite til før det tek fyr, seier brannsjef.

Skogbrannfare i Dyreparken

Dyreparken i Kristiansand har sett ut skilt som seier at det er totalforbod mot røyking og grilling.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

Hans Henrik Bakke

Brannsjef i Østre Agder brannkorps Hans Henrik Bakke.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Ape i Dyreparken

Dyreparken er redd for skogbrann og har innført totalforbod mot røyking og grilling. Her er ein apekatt i Dyreparken laurdag.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK
Yr.no sin skogbrannfare-indeks viser at skogbrannfaren er størst frå Aust-Agder og austover.

I Agder er det allereie innført forbod driftsavgrensingar for skogsarbeid. Årsaka er særs lite nedbør den siste tida.

Avgrensingane gjeld alt frå hogst til kantklipping, vedlikehald av jernbane og skyting på skytebaner.

– Ikkje bruk eingangsgrill

– Vi oppfordrar alle til ikkje å bruke eingangsgrill, og ikkje gjere opp eld i skog og mark, seier brannsjef i Østre Agder brannkorps, Hans Henrik Bakke.

– Mange stader byrjar det å bli brunt. Det betyr at det er frykteleg tørt. Det er ekstra ille at det byrjar å bli tørt i skogbotnen. Ein eventuell skogbrann vil då ta mykje lengre tid å sløkkje fordi det vil brenne nede i jorda, seier brannsjefen.

Meteorologisk institutt har allereie sendt ut eit OBS-varsel for Østafjells.

– Skogbrannfaren er stor frå Sørlandet og austover. Slik vil det vere heilt til det kjem nedbør av betydning. Det skal ein del nedbør til før skogbrannfaren vert redusert, seier statsmeteorolog Inger-Lise Askautrud til NRK.

Skogbrannfare

Skogbrannfaren er størst i Aust-Agder, Telemark og Buskerud.

Foto: Skjermdump yr.no

Totalforbod i Dyreparken

Per Arnstein Aamot

Administrerande direktør i Dyreparken Per Arnstein Aamot.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Ifølgje meteorologen er det lite som tyder på at det blir store mengde nedbør dei næraste dagane.

– Det kan komme nokre byger i aust, men som sagt skal det mykje til for at faren er over. Slik blir det i alle fall over helga. Det hjelper litt at det er litt kjøligare enn det har vore i det siste, seier ho.

Dyreparken i Kristiansand har plassert ut skilt der dei informerer om at det er totalforbod mot røyking.

– Vi har røykeforbod generelt, med unnatak av nokre få røykesoner. No har vi hatt ein lang tørkeperiode og såg oss nøydde til å gjere ekstra tiltak, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamot.

På skilta opplyser Dyreparken også om at det er forbod mot grilling.

– Vi er redde for ukontrollert bruk av eld rett og slett, seier han.

– Bruk sunt bondevett

Brannvesenet ber også båtfolket om å vere varsame med bruk av eld.

– Det handlar om å bruke sunt bondevett også på holmar og skjær, seier brannsjef i Østre Agder brannkorps Hans Henrik Bakke.

Med St. Hans berre få dagar unna kjem brannvesenet med ei oppfordring til folket.

– Bli med på fellesarrangement der det er rigga til bål. Det er så frykteleg lite som skal til før det bryt ut ein skogbrann, seier han.

Den store skrekken for de ansatte i Dyreparken er skogbrann. I går brant det ved Abra Havn, men brannen ble slukket etter kort tid

VIDEO: Dyreparken i Kristiansand har eigen brannstyrke og beredskapslager.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %