Hopp til innhold

Sigeren glapp i sluttminutta

Arendal var på veg mot sin andre bortesiger for sesongen, men fekk berre med seg eitt poeng frå plankebyen.

Arendal-trener Knut Tørum

Det var kun eitt poeng på Knut Tørum og Arendal i Fredrikstad.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Arendalittane tok leiinga 1–0 rett før pause på Fredrikstad stadion.

Wilhelm Pepa, som fekk tillit frå start for første gang denne sesongen, stonga inn leiarmålet.

Mykje tyda på at gjestene frå Sørlandet skulle få med seg alle poenga frå Fredrikstad.

72 minutt ut i oppgjeret kom Viktor Löfgren aleine med Fredrikstad-keeper Håvar Jenssen. Men spissen klarte ikkje å overliste sisteskansen.

Åtte minutt seinare sette Fredrikstad inn Kristian Brix. Det skulle vise seg å vere eit lurt trekk.

Etter berre sju minutt på bana sette 26-åringen ballen i mål til 1–1 føre 3785 tilskodarar. Dermed vart det poengdeling i Fredrikstad.

Arendal ligg på 13.-plass på tabellen med åtte poeng etter ti serierundar. Fredrikstad ligg framleis sist med fem poeng.

I neste serierunde tek Arendal imot Tromsdalen på heimebane.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %