Hopp til innhold

Heimemarerittet held fram for Arendal

Ny publikumsrekord og splitter ny arena hjelpte ikkje Arendal Fotball til siger i opningskampen på Norac stadion.

Arendal Fotball - Mjøndalen

Mjøndalen-spelarane jublar for overtidsscoringa.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er tungt. Det er tøft å svelge, seier trenar Mattias Andersson.

Laget såg ut til å sikre seg eitt poeng i den første kampen på den nye stadion på Bjønnes.

Men fire minutt på overtid dukka innbyttar Jonathan Lindseth opp og sikra tre poeng for gjestene frå Mjøndalen.

Intervju med Arendal-trenar Mattias Andersson etter tapet mot Mjøndalen i den første kampen på Norac stadion.

Sjå intervju med Arendal-trenar Mattias Andersson.

Ein siger på elleve heimekampar

– Dette var ikkje noko gøy. Vi har ein tendens til å sleppe inn mål på slutten. Det er ikkje bra. Vi er ikkje bra nok som lag, seier Arendal-spelar Ylldren Ibrahimaj.

På dei 11 første heimekampane i 1. divisjon har laget kun makta å vinne ein kamp. Ti av kampane har blitt spelt på Myra, medan Norac stadion vart bygd.

Men trenden ser ut til å halde fram også på den nye stadion på Bjønnes.

– Vi har hatt bra statistikk på Bjønnes tidlegare. Men vi må berre jobbe hardt kvar dag og snu denne trenden, seier Ibrahimaj.

Intervju med Arendal-spelar Ylldren Ibrahimaj etter den første kampen på Norac stadion.

Sjå intervju med Arendal-spelar Ylldren Ibrahimaj.

– Sigeren kjem

Sesongens 15. tap gjer at det framleis ser mørkt ut med tanke på vidare spel i 1. divisjon. Laget ligg nest sist med fire poeng opp til kvalifiseringsplass.

Arendal kan takke leigesoldaten Marco Priis Jørgensen for at resultattavla ikkje viste større siffer. Keeperen, som er utleigd frå nettopp Mjøndalen, leverte ei rekkje viktige redningar.

Kring 3000 tilskodarar hadde funne vegen til opningskampen på Bjønnes.

– Det var fantastisk. Det var ei veldig fin ramme rundt kampen. Heilt fantastisk. Vi skulle hatt ein siger, men slik vart det ikkje i dag. Det kjem. Det skal eg love, seier Ibrahimaj.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %