Arendalittane måtte vinne stort heime mot Ranheim, samstundes måtte både Elverum og Fredrikstad måtte tape sine kampar.
Det var oppskrifta for at arendalittane skulle sikre kvalifiseringsplass og nytt håp om spel i 1. divisjon neste sesong.
Reginiussen-dobbel
19 minutt ut i første omgang tende Fabian Ness eit bittelite håp, då han sende arendalittane i leiinga 1–0 føre kring stusslege 200 tilskodarar på splitter nye Norac stadion.
Men gjestene frå Trøndelag hadde noko Arendal ikkje hadde på laget sitt. Nemleg ein scoringskåt Mads Reginiussen.
Først sneik han seg mellom stopparane til Arendal og heada inn 1–1 for gjestene rett før pause.
Ni minutt etter kvilen sende han Ranheim opp i 2–1. Laget klatra samstundes opp på 4.-plass på tabellen, som gjer at laget får heimekamp i 1. runde i kvalifiseringsspelet til eliteserien.
19 nederlag
Dette var sørlendingane sitt 19. tap for sesongen, og laget enda heilt sist på tabellen.
Elverum tapte 0–3 heime mot Mjøndalen, medan Fredrikstad slo Sandnes Ulf 3–0. Det betyr at Elverum slår følgje med Arendal ned i 2. divisjon.
Fredrikstad skal spele kvalifisering mot Notodden.
Det vart ei tung sesongavslutning også for Start og Jerv. Jerv tapte 0–2 heime mot Florø. Start tapte 2–3 borte mot Åsane.