Setesdal får sitt eige ølbryggeri

I eit av Forsvaret sine tidlegare brakker på Evjemoen skal Sten Arild Hvidsten frå Fredrikstad starte eit mikrobryggeri.

Evje Mikrobryggeri

Her skal Evje Mikrobryggeri ha tilhald.

Foto: Evje Mikrobryggeri AS

Med støtte frå Innovasjon Norge og eigne midlar reknar han med å produsere mellom 25 000 og 50 000 flasker øl i året, skriv Setesdølen.

Det betyr også fleire ulike typar ølsortar.

6–7 sortar

– Vi har vel tenkt å ha 6–7 sortar i produksjon året rundt, nokre sesongvariantar og nokre eksperiment undervegs, seier Hvidsten til NRK.no.

Østfoldingen hadde i utgangspunktet tenkt å etablere bryggeriet i Valle, men av ulike grunnar gjekk ikkje det i boks.

– Så fekk vi eit fint tilbod frå Evje Utvikling og næringsparken med flotte lokale. Så då gjekk vi i gang, seier han.

No får dei ein boltreplass på 800 kvadratmeter.

– Det er meir enn nok plass, seier han.

Hvidsten har i ei årrekkje laga øl på hobbybasis. No satsar han profesjonelt.

Sten Arild Hvidsten

Sten Arild Hvidsten i lokala som er under oppussing.

Foto: Evje Mikrobryggeri AS

– Utfordrande

– Det kjem til å bli utfordrande, men og utruleg morosamt. Det er ein læringsprosess det å drive stort, seier han.

Han skal drive mikrobryggeriet saman med kona i Evje. I tillegg til ølbrygging må dei jobbe deltid ved sidan av.

– Basert på kalkylane skal nok dette gå bra. Men for alle mindre bedrifter blir det nok ein tøff oppstartsperiode, seier Hvidsten.

Mikrobryggeriet Nøgne Ø i Grimstad har gjort stor suksess med sitt øl. Bryggeriet har fått ei rekkje prisar for ølet sitt. I 2009 vart dei kåra til Norges beste bryggeri.

Øl fra Nøgne Ø

Nøgne Ø i Grimstad har gjort stort suksess med sitt mikrobryggeri. No startar Sten Arild Hvidsten opp med sitt eige bryggeri på Evje.

Foto: Nøgne Ø