Hopp til innhold

Seier nei til nødløysing på E39

Vegvesenet vender tommelen ned for å byggje ny E39 frå Kristiansand til Søgne som ein smal firefeltsveg i dagens trasè.

E39 Søgne

NEI: Det ser ikkje ut til å bli slutt på køane på E39 mellom Kristiansand og Søgne med det første. Vegvesenet vil ikkje byggje smal firefeltsveg, som ei nødløysing. (Arkivfoto)

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Asbjørn Heierås, Statens vegvesen

Asbjørn Heierås

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Å byggje langs eksisterande veg frå Hellemyr til Søgne er særs problematisk, seier prosjektleiar Asbjørn Heierås til NRK.no.

Ein smal firefeltsveg vart lansert som ei nødløysing for å løyse trafikkproblema vest for Kristiansand raskast mogleg.

– Det vil vere fjell på 40 til 60 meters høgde som skal sprengjast ned. Det er enorme mengde fjell som skal takst ned nær inntil dagens trafikk, seier han.

Ordførar i Søgne, Solveig Kielland Larsen, er skuffa og vil no sjå på andre løysingar.

– Dette vart eg veldig skuffa over. Eg hadde sett for meg at det var ei moglegheit. Men eg gir ikkje opp og ynskjer å sjå vidare på andre alternativ til å få ei endring på den vegen raskt, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %