– Kastar du ein kilo i søpla, blir du ikkje kvitt det. Du sit igjen med ein kilo CO₂, seier Benedichte Limmesand Hellestøl.
Ho er prosjektdirektør i Returkraft AS i Kristiansand.
Søppelanlegget slepp ut 130.000 tonn CO₂ kvart år. No ønsker dei at CO₂ frå søppelanlegget skal fangast og lagrast.
– Den einaste moglegheita vi har til å få gjort noko med det store utsleppet, er karbonfangst, seier ho.
Ho ønsker at fangst av utslepp skal påskjønnast, og vil ha ei motsett avgift, altså at staten betaler aktørane for kvart tonn CO₂ som blir fjerna eller lagra.
– Viss staten kjem på bana ville vi ha komme langt på veg for å få til eit karbonfangstprosjekt på forbrenningsanlegga i Noreg, seier ho.
Ber regjeringa komme på bana
Agder fylkeskommune har saman med fleire andre fylkeskommunar bede regjeringa komme med rammevilkår for karbonfangst.
– Dette er lågthengande frukt. Anlegga står for 3 prosent av utsleppa nasjonalt, og dette kan vi gjere noko med, med ein gong, seier fylkesordførar Arne Thomassen (H) i Agder fylkeskommune.
Slike ordningar finst allereie i fleire av Noregs naboland som Sverige og Danmark.
– Her har vi teknologien og vi har menneske som vil. Det gjeld berre å få staten til å seie at «yes» – no køyrer vi i gang frå 2025, så har vi løyst dette til 2030, seier ein sikker Thomassen.
– Men kor mykje pengar er det snakk om?
– Det er jo nokre milliardar det er snakk om over tid. Men vi har jo Langskip, som er ein god start, seier han.
Forstår utolmodet
– Eg deler og forstår utolmodet, seier Astrid Bergmål (Ap).
Ho er statssekretær i Energidepartementet.
Departementet jobbar med å sjå på ulike typar verkemiddel.
– Verkemiddel som kan vere treffsikre i denne samanhengen, seier ho.
Astrid Bergmål er statssekretær i Energidepartementet.
Foto: Stine Grimsrud / OED