NRK Meny

Pustar etter drukningsulykke

Personen som var involvert i ei drukningsulykke i Otra i Evje pustar. Det har vore utført hjarte- og lungeredning etter episoden. Vedkommande var ein del av ei gruppe som deltok i rafting i regi av Troll Aktiv. Hendinga skjedde etter at dei var ferdige med aktiviteten.