NRK Meny
Normal

Passasjer skaut mot taxisjåfør

Ein 20 år gammal mann er sett i arresten etter at han skaut mot ein taxisjåfør med ein softgun.

Laster kart, vennligst vent...

Episoden fann stad i Tveit i Kristiansand ved halv fem-tida natt til søndag. Drosjesjåføren parkerte bilen utanfor 20-åringen sin heim.

Passasjeren gjekk inn i huset og faren hans kom ut for å betale. Medan faren gjorde opp for turen kom sonen ut igjen med ein pistol i handa.

Han skal ha avfyrt fleire skot i retning taxisjåføren. Mannen nytta ein softgun som skyt plastkuler.

20-åringen er sett i arresten i Kristiansand.

– Det vil bli gjort avhøyr av han i løpet av dagen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Audun Eide til NRK.

Taxisjåføren er ikkje fysisk skada.