Hopp til innhold

Pasient vakna under operasjon

Fjerning av blindtarmen vart eit mareritt for den no 55 år gamle kvinna. Midt under operasjonen vakna kvinna frå narkosen.

– Eg berre vakna. Eg kjende jo dei som opererte, og som sjukepleiar visste eg at eg under narkose hadde fått curacit, eit stoff som lammar alle musklar, seier kvinna til fvn.no.

– Eg skjønte kva som ville skje. Men eg hadde altså ingen moglegheit til å seie ifrå. Eg tenkte «du må røre fingeren på venstre hand, for den fingeren følgjer narkoselegen». Men det fekk eg jo ikkje til. Om det gjekk sekund eller om det gjekk minutt anar eg ikkje, seier kvinna som tidlegare jobba som oversjukepleiar.

– Ubeskriveleg smertefullt

– Det var ubeskriveleg smertefullt. Men aller verst var makteslausa, seier ho.

Operasjonen skjedde 28. mars 2003. Ifølgje avisa vil ikkje kvinna stå fram med namn og bilete fordi ho framleis kjenner etterverknadene og slit med psykiske seinskader.

– Ingen gjorde feil. Eg fekk riktig dose narkose. Eg har ingenting å anklage sjukehuset for. Det skjer berre. I nokre promiller av alle operasjonstilfelle kan det skje at pasienten vaknar og vert bevisst under narkosen, såkalla «awareness», seier ho.

Vann i retten

Måndag vann ho i Kristiansand tingrett og får totalt 201 794 kroner i erstatning. Norsk Pasientskadeerstatning ville først betale kvinna berre 35 000 kroner.

– Eg fekk psykiske problem og drepresjon som gjorde at eg ikkje kunne halde fram som oversjukepleiar og einingsleiar på sjukehuset. Pasientnemnda antyda at eg ville ha mista leiarjobben uansett, og det var også tydeleg at dei ikkje las alle dokumenta, seier ho.

Ho fortel om ei tøff påkjenning då ho måtte forklare seg i retten.

Nye operasjonar

– Det var tøft å brette ut alle detaljar i retten. No har eg vunne, og eg glad. Eg har framleis verknader etter det eg opplevde på operasjonsbordet. Eg har gått til ei stilling lågare i administrasjonen på sjukehuset, og eg har det bra, seier ho.

– Eg har også gått gjennom nye operasjonar utan problem. Eg må få seie at personalet på sjukehuset har vore heilt fantastiske mot meg og meget profesjonelle, seier ho.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %