Hopp til innhold

Ordførar: – Vi føler oss overkøyrt

Kommunestyret i Marnardal krev at samferdsleministeren vurderer avgangar kvar andre time på Sørlandsbana på nytt.

Helge Sandåker om Sørlandsbana

Marnardal-ordførar Helge Sandåker er skuffa over at samferdsleministeren ikkje gav grønt lys til å kutte sovevognene og heller ha hyppigare avgangar på Sørlandsbana.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Ministeren har sagt nei til å kutte sovevogntilbodet, og dermed hyppigare togavgangar mellom Stavanger og Oslo.

– Eg har sagt at dette kom som eit sjokk på meg at det ikkje vart realisert, seier ordførar Helge Sandåker til NRK.

Ville ha dobla kapasiteten

NSB føreslo, i dialog med fylkeskommunane i Agder, Buskerud og Telemark, nye rutemodellar på Sørlandsbana. Forslaget innebar at ein nesten dobla kapasiteten på strekninga med faste avgangar kvar andre time.

Men tysdag sa altså samferdsleminister Marit Arnstad nei til at den føreslegne planen skal setjast i verk frå desember 2013.

– Sovevognene er eit godt og miljøvennleg alternativ til fly, då reisande har moglegheit til å sove gjennom heile reisa, skreiv Arnstad i sitt svar til forslaget.

– Beleggprosenten på sovekupeane på Sørlandsbana er om lag 50 prosent og i gjennomsnitt er 30 av 60 senger per avgang fulle, skreiv ho.

Overraska

Helge Sandåker i Marnardal føler at heile landsdelen vert overkøyrt i saka.

– I denne samanhengen føler vi oss overkøyrt. Vi har ikkje blitt høyrt. Ingen trudde faktisk på at departementet ikkje ville gå for ei slik løysing. I og med at dette var eit kraftig løft for persontransporten på Sørlandsbana. I tillegg skulle det ikkje koste meir pengar, seier han.

– Eg håpar allereie i revidert statsbudsjett i mai at vi vil få signal på at dette skal komme, seier Sandåker.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %