Hopp til innhold

Olje i land i Kragerø

Olje har slått i land i Kragerø.

Olje i Kragerø

Oljen har slått innover land utanfor Kragerø.

Foto: Britt Bjørnstad

– Vi er i ferd med å prøve å hindre at meir olje kjem på land. Det er eit tynt, stort flak som har slått i land. Det er olje nesten over alt, seier Britt Bjørnstad til NRK Sørlandet.

GALLERI: Sjå oljekatastrofa langs kysten

Tilgrisa svane-par

Bjørnstad er på ein holme på Kåltangen utanfor Kragerø. Dei er i full gang med å rense strandområdet for olje. Ho seier det er lite dyr å sjå i området.

– Akkurat her vi er no har vi kun sett eit svane-par. Dei var tilgrisa av olje, seier ho.

Meir olje

Britt Bjørnstad er saman med fleire i gang med å rydde opp.

Foto: Britt Bjørnstad

Reiser til Kragerø

Ordførar i Risør, Knut Henning Thygesen, vil ro reise til Kragerø saman med brannvesenet for å sjå kva dei kan gjere.

– Vi tek blant anna med oss sandsekkar. Så får vi sjå kva vi eventuelt kan gjere, seier han.

– Vi har i tillegg ute ein skjergardspatrulje for å observere korleis det ser ut. Det skal vere snakk om nokre hundre meter, seier han.

Ventar meir olje på land

– Vêret i området er bra i forhold til ein oljevernaksjon, men vindretningen (vestavind) gjer at ein kanskje må kunne forvente meir oljepåslag på land, skriv Kystverket på sine nettsider.

Oljevernaksjonen har no tre fokusområde: Stråholmen, nord for Jomfruland, havaristaden og Helgeroa/Mølen i Vestfold.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %