Hopp til innhold

Aksjonerer ikkje mot olje i Risør

Eit overvakingsfly har søndag registrert oljeflak tre nautiske mil sør for Risør. Kystverket vil ikkje aksjonere mot dette flaket.

Luftfoto av Full City

Luftfoto av Full City.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Kystverket kunne søndag melde om at oljeflak er observert tre nautiske mil sør for Risør.

– Oljeflaket utanfor Risør er ikkje-aksjonerbart. Det er eit tyntflytande lag, som vi ikkje kan gjere noko med, seier kommunikasjonsrådgjevar i Kystverket, Gro Kibsgaard-Petersen til NRK Sørlandet.

– Vi må nok rekne med slikt som dette, seier ho.

Sender ut helikopter

Klokka 12 søndag vil eit helikopter bli sendt ut for å få oversikt over kvar oljen har slått på land.

– Då vil representantar frå Kystverket og spesialistar fly over heile området for å observere, seier kommunikasjonsrådgjevaren.

Samlar mannskap

– Brannvesenet er varsla, og vil gjere seg klar til å leggje ut lenser dersom oljen nærmar seg land. Vi har også vore i kontakt med fiskarar, dykkarar og andre med båtar for å få hjelp, seier ordførar i Risør, Knut Henning Thygesen, til NRK Sørlandet.

Østre Agder Brannvesen er i full gang med å samle mannskap, og er i ferd med å flytte utstyr til Risør. I går ettermiddag jobba brannvesenet med å frakte utstyr frå Arendal til Risør.

Oljeberedskap i Risør

Østre Agder Brannevesen er klar med oljelenser på Dampskipskaia i Risør.

Foto: Kjell Pihlstrøm/NRK

– Forholda kunne ha vore betre

Vêrforholda i området gjer at oljen flyttar seg raskt sørover.

– Det kunne nok sett betre ut. Det er nord-austleg vind som vil trykkje oljen sørover. Det er og ein jamn straum frå nordvestleg retning som er sterkast ved land. Vinden vil i tillegg auke utover ettermiddagen, seier statsmeteorolog Øyvind Johnsen.

Oljen skal allereie ha slått på land mellom Kragerø og Risør.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %