Brannsjef i Østre Agder Brannvesen, Ove Frigstad, seier dei har folk i området og har kontroll på situasjonen.
I løpet av søndagen er det kome meldingar om olje langs land fleire stadar i Aust-Agder
– Vi får meldingar om sporadiske observasjonar om oljeflak. I desse flaka kan det vere klumpar med tungolje. Vi har blant anna eit lite påslag ved Fevik, og har folk for å sjå på det. Det er komme litt på land, men ikkje store parti, seier Frigstad til NRK Sørlandet søndag kveld.
Små mengde
Beredskapen er på topp i Aust-Agder, og brannmannskapa er klare til å ta seg av oljen dersom den skulle slå innover for fullt.
– Det er ikkje snakk om store mengde olje som er passert inn i Aust-Agder. Vi ventar at det vil komme småklumpar, men Kystverket seier at det ikkje vil komme store mengde olje inn i området, så då lyt vi stole på det, seier han.
– Topp beredskap
– Vi er uansett i topp beredskap for å ta hand om større mengde dersom det er naudsynt, legg han til.
Men brannsjefen seier at dei kun kan drive arbeid nær land.
– Vi har kun utstyr til å vere på innsida av holmar og skjør. Kystverket er ute i havet med tyngre farty og havgåande lenser. Vi har kun utstyr og materiell til å ta olja som kjem innover, seier han.
Uroa marinbiolog
Marinbiolog, Per Erik Schulz, fryktar for dyrelivet der oljen allereie har slått inn. Oljen skal ha slått inn i enkelte bukter i Kragerø og Risør.
– Eg trur vi kan seie ganske sikkert at faunaene vil forandre seg og ein god del artar vil forsvinne alle dei stader langs kysten der oljen når bukter og viker, seier han.– Vi veit jo at naturen reparer seg sjølv om nokre år. Det kan kanskje ta opp mot ti år enkelte stader, i og med at det er tung olje. Men det viktigaste er å rydde opp. I småbuktene i Risør er det kun lokalbefolkninga som sjølve står og måkar i fjøra, og kommunane har ikkje fått i gang noko apparat for dette enda, seier han.