Hopp til innhold

ØIF vert overvaka av forbundet

ØIF Arendal er under overvaking av handballforbundet på grunn av den økonomiske situasjonen i klubben.

ØIF Arendal seriegull

Trass i både serie- og cupgull vert ØIF Arendal overvaka av handballforbundet på grunn av negativ eigenkapital.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Årsaka er mellom anna at den regjerande serie- og cupmeisteren har negativ eigenkapital.

Etter det NRK erfarer dreiar det som eit beløp mellom 700 000 og 800 000 kroner.

Denne sesongen har klubben omtrent gått i null, ifølgje dagleg leiar Rune Jakobsen.

Jaktar fleire sponsorkroner

Rune Jakobsen

Rune Jakobsen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Det er sesongen før, der klubben fekk krisehjelp frå Sparebanken Sør og Arendal kommune, som framleis skapar utfordring for klubben.

– Dette betyr at vi må levere rekneskap fortløpande, men eg vil ikkje seie at situasjonen er dramatisk, seier Jakobsen til NRK.

Handballklubben vann både serie og cup denne sesongen. For å få positiv eigenkapital må klubben ha inn fleire sponsorar.

– Det er veldig viktig dersom vi skal klare å oppretthalde den sportslege satsinga og ha ambisjonar om å vere i toppen. Då må vi auke sponsorbudsjettet. Det jobbar vi med no, seier han.

Larvik fekk poengtrekk

– Marknaden er vanskeleg akkurat no, men vi føler vi har ei god merkevare, seier han.

Ingen av klubbane i eliteserien for herrar får poengtrekk neste sesong, men Bækkelaget er under skjerpa overvaking.

I eliteserien for kvinner er det klart at Larvik må starte neste sesong med tre minuspoeng på grunn av negativ eigenkapital.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %