Med 23-22 siger over den danske toppserieklubben TMS Ringsted gjekk ØIF Arendal til topps i turneringa heime i Nedeneshallen.
Slo serieleiaren
Tidlegare i turneringa slo arendalittane serieleiar i Eliteserien 34-32. Det er første gang sørlandsklubben har slått drammensarane nokon gang.
Men ØIF Arendal hadde flaks som gjekk til topps i turneringa. Laget tapte nemleg mot Stord, som måtte avbryte turneringa etter berre to kampar på grunn av skader og sjukdom.
Nøgd Gautestad
– Vi må vere veldig nøgde med å vinne turneringa. Eg tippar vår daglege leiar er glad for prispengane, sa ein glad trenar Leif Gautestad til Agderposten etter sigeren mot TMS Ringsted i siste kamp.
Gautestad sine menn har gjort det omtrent som forventa denne sesongen. Laget ligg på 9. plass på tabellen med ni poeng etter halvspelt serie. På grunn av EM har eliteserien teke pause. Neste kamp i eliteserien er borte mot Sandefjord 3. februar.