Hopp til innhold

ØIF sikra seg dansk topptrenar: – Vil bety mykje for vår utvikling

Danske Henrik Bastrup går inn i trenarteamet til ØIF Arendal. Trenaren kan vise til fleire internasjonale titlar.

Henrik Bastrup

Henrik Bastrup har teke fleire internasjonale titlar med det danske handballandslaget både på kvinne- og herresida.

Foto: Aust-Agder fylkeskommune

– Henrik har lang erfaring og vil bety mykje for vårt treningsarbeid og utvikling av spelarar. Både dei yngste og dei eldste. Han vil kanskje ha litt meir fokus på målvaktene, seier leiar for sport i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen til NRK.

Bastrup har ein sterk CV å vise til og har i ei årrekkje samarbeidd med Ulrik Wilbek.

Har teke OL-gull

Han var mellom anna assistenttrenar på det danske kvinnelandslaget som tok gull i OL i Atlanta i 1996. I tillegg var han med i trenarapparatet då dei danske herrane vann EM i Norge i 2008. Han har også trent damelaget til Sørfjell i Arendal til opprykk til eliteserien.

Per Carsten Michelsen

Per Carsten Michelsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Akkurat no er Bastrup på landslagssamling med det danske herrelaget i Bornholm.

– Eg tykkjer det er gøy å bli med ØIF Arendal. Eg elskar å komme på trening og sjå engasjementet til menneske som vil trene, seier han til NRK.

I det danske landslaget har han i dag ansvar for videoanalyse. Bastrup trur sjølv at han har mykje å bidra med i eliteserieklubben i Arendal.

– Eg trur eg kan bidra spesielt inn mot målvaktene. Få ein god dialog, bruke tid på tekniske detaljar og ha tid til å jobbe individuelt. Eg er glad for å få sjansen til å utvikle målvaktene, seier han.

– Fantastisk kultur

Dansken har budd i Arendal i snart 15 år, men ser fram sin første heile sesong med ØIF-mannskapet.

– Med det engasjementet som er i klubben no er ein i ferd med å byggje ein fantastisk kultur i klubben. Det gler eg meg til å bli ein del av, seier han.

I tillegg til Bastrup vil Asle Gran gå inn i trenarteamet kommande sesong.

– Til no har Leif Gautestad stått veldig aleine. Det å kunne ha nokon å diskutere med og finne nye løysingar på ting trur eg vil bli eit kjempetilskot, seier Michelsen i ØIF Arendal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,61 kr
Dyrest kl. 23 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %