NRK Meny
Normal

ØIF med ein fot i semien

ØIF Arendal slo Viking Stavanger med eitt mål i den første kvartfinalen i sluttspelet. Arendalittane sikra seg dermed eit godt utgangspunkt føre returmøtet.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

KVARTFINALE: André Jørgensen Hofstøl scora 11 mål og vart toppscorar for ØIF Arendal i den første kvartfinalen mot Viking Stavanger.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Leif Gautestad, ØIF Arendal

Trenar Leif Gautestad

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal vann kampen 32-31, men sigeren sat langt inne. Det var først i det 24. minutt at laget gjekk opp i føringa.

Viking Stavanger hadde moglegheit til å utlikne i sluttsekunda, men bomma på kampens siste sjanse to sekund før slutt.

Onsdag kveld går returkampen i Nedeneshallen.

Kvartfinaleresultat:

BSK/NIF - Elverum 24-39
Viking Stavanger - ØIF Arendal 31-32
Fyllingen - Drammen 31-37
Follo - Haslum 27-32