NRK Meny
Normal

ØIF jaktar bronsen

ØIF Arendal møter Vålerenga i ein særs viktig kamp med tanke på bronsemedaljen laurdag ettermiddag.

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

BRONSE? Sondre Paulsen og ØIF Arendal bør slå Vålerenga for å ha framleis håp om bronsemedaljen i årets eliteserie.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Arendalittane ligg berre tre poeng bak Drammen, som ligg på 3. plass, når seks kampar står att. I førre serierunde gjekk Drammen på eit overraskande tap borte mot Follo. Før det tapte dei eitt poeng i heimekampen mot nettop ØIF Arendal.

Går for bronsen

Sørlendingane er verkeleg i dytten om dagen. Laget har spelt ti kampar på rad i eliteserie og i europacup utan nederlang. Det gjer at optimismen er stor i ØIF-leiren.

– Den bronsemedaljen skal vi ha, sa ØIF-keeper Svenn Erik Medhus til NRK.no etter 23-20 sigeren mot Oppsal i sist serierunde.

Drammen møter Stord

Drammen tek imot Stord heime i Drammenshallen. Vestlendingane kjempar om å berge plassen i eliteserien. Laget ligg i dag på kvalifiseringsplass.

ØIF Arendal møter tabelljumbo Vålerenga på bortebane. Oslo-klubben har hatt ein særs svak debutsesong i eliteserien og står kun med to poeng på 16 kampar.

Laget har enno ikkje vunne i årets eliteserie!