ØIF droppar cup-anke

ØIF Arendal vart kasta ut av cupen etter å ha brukt ein spelar som ikkje var klarert for spel. Klubben har bestemt seg for å ikkje anke avgjerdsla.

ØIF Arendal

SNIPP SNAPP SNUTE: Cupeventyret er over for ØIF Arendal etter at klubben brukte ein spelar som ikkje var klarert for spel i cupens 1. runde.

Foto: Sander Heggheim
Anders Neuhaus Christensen

CUPFLAUSE: Anders Neuhaus Christensen var ikkje klarert for spel føre cupkampen mot Fram. No er cupeventyret over for ØIF.

Foto: Øivind Eskedal/NRK

– Vi har konkludert med at det er hos oss det har svikta, og då tenkjer eg på intern kommuniksasjonssvikt, seier leiar i ØIF Arendal sitt elitestyre, Jan Hannestad til Agderposten.

– Ingen vits

Danske Anders Neuhaus Christensen spelte cupkampen mot Fram. Dansken hadde fått beskjed om at han ikkje var speleberettiga. Det var gløymt i gledesrusen då han var tekne ut i troppen til cupkampen.

– Vi var måndag i kontakt med Norges Handballforbund, og fann etterkvart ut at det ikkje er noko vits i å anke. Det var rett og slett ikkje noko grunnlag for å gå vidare. Dermed let vi vere, seier Hannestad.

Vil ikkje straffe nokon

Styret vil heller ikkje straffe nokon internt i klubben etter flausa.

LES OGSÅ: ØIF Arendal kasta ut av cupen

– Nei, vi er ein raus klubb og lærer forhåpentlegvis av feila våre, seier han til avisa.