Hopp til innhold

ØIF Arendal klar for semifinale

ØIF Arendal slo Stord i kvartfinalen og er klar for semifinale i sluttspelet i handball.

Leif Gautestad

JUBEL: ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad jubla for avansement til semifinalen i sluttspelet i eliteserien i handball for herrar.

Foto: Sander Heggheim

Laget slo hordalendingane 26-20 etter å ha tapt den første kampen.

– No er eg berre utruleg glad. Så mykje menneske i hallen her og ein slik fin dag for sørlandshandballen. Eg er så utruleg stolt av gutane og miljøet vi har klart å skape her og den opplevinga folk får av å komme på kamp, seier ØIF-trenar Leif Gautestad til NRK.

Tøff start

Etter ein tøff start på kampen, der heimelaget ikkje makta å få ballen i mål før åtte minutt var spelt, reiste arendalittane seg og nedsabla Stord.

– Det er ein draum som går i oppfyllelse, seier Gautestad.

Dermed ventar Fyllingen, Elverum eller Runar i semifinalen kommande fredag.

– Uverkeleg

Veteranen Kjetil Øygarden spelte sin siste kamp i Nedeneshallen. Bakspelaren har bestemt seg for å leggje opp etter denne sesongen.

– Det er utruleg deilig, litt uverkeleg. Vi har hatt ein fantastisk sesong, og det ser ikkje ut til å stoppe. Eg er utruleg stolt av gutane og Leif i dag, seier veteranen.

– No har vi lyst på medalje i sluttspelet, gliser han.

Preben Vildalen

JUBEL: Preben Vildalen jublar for ei av sine seks scoringar. Han vart toppscorar saman med Knut Martin Johnsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %