Hopp til innhold

ØIF Arendal er norgesmeister

ØIF ARENDAL - BODØ 23-22 (11-11) (NRK.no): ØIF Arendal fekk ein elendig start på cupfinalen mot Bodø. Så tok dei seg saman.

Det var keeperane til ØIF Arendal som spelte hovudrolla i sluttminutta. Andrekeeper Kristjian Jurisic stengde buret og hindre Bodø i å setje avgjerande mål.

Heilt på tampen var det veteranen Svenn Erik Medhus som stod fram og sikra gullet til arendalittane.

André Jørgensen Hofstøl sende sørlendingane i leiinga 23-22, med berre eit drygt minutt igjen på klokka.

Deretter hadde keeper Medhus to avgjerande redningar i løpet av siste minutt.

Bodø opna best

Det var nordlendingane som kom best i gang. Backen Binai Aziz scora fire av dei fem første måla for Bodø og gjorde ØIF-forsvaret til statistar.

Samstundes stengde Bodø-keeper Joachim Søholm Christensen buret.

20 minutt ut i første omgang såg det heilsvart ut for sørlendingane. Bodø leia 10-6 og var fullstendig overlegne i det meste.

Snudde kampen

Så skjedde det noko med ØIF. Forsvaret klarte å hindre scoringar og keeper Kristijan Jurisic, som kom inn for Svenn Erik Medhus midtvegs, stoppa det som kom forbi forsvaret.

Sakte, men sikkert spelte arendalittane seg inn igjen i kampen. Eitt minutt før pause sende Andre Jørgensen Hofstøl ØIF i leiinga. Men Binai Aziz utlikna sekund før slutt til 11-11.

Kantspelarane Sondre Paulsen og Magnus Jøndal har nærast ikkje vore involverte i spelet til ØIF. Det tok heile 27 minutt før Jøndal kunne notere si første scoring i kampen.

Stillinga var 11-1 til pause.

Lova å redde

Laga fulgde kvarandre tett og byta på og vere i leiinga i andre omgang.

Det blei ei høgdramatisk avslutning. I nest sist speleminutt var det timeout på 22-22 og ØIF hadde ballen.

– Eitt mål og eg lovar og redde neste, ropte keeper Medhus til lagkameratane.

ØIF scora. Medhus redda.

ØIFs supporterklubb Svermen dominerer på tribunen i Oslo spektrum under dagens cupfinale i håndball.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %