– Ja, det stemmer. Det er rett og slett den lågaste temperaturen i september gjennom alle tider, seier vêrstatistikkar, Bernt Lie til NRK.no.
- SE OGSÅ: Sjekk vêret der du bur
Kulderekorden vart målt mellom seks og sju onsdag morgon. Men det er langt opp til kulderekorden i Noreg i september.
Minus 17 grader
– Då skal vi veldig langt ned på gradestokken og langt nord i landet for å finne den norske kulderekorden i september. Den er på nærare 17 kuldegrader frå indre Troms, seier Lie.
- LES OGSÅ: 96 år gammel kulderekord slått
– Men der oppe har det langt ifrå vore så kaldt i september. Heller ikkje i midt-Jotunheimen har det vore så kaldt. Det ligg på 1800-1900 meters høgde, så med sine 850 meter har Hovden førebels landets lågaste temperatur denne månaden. Det tykkjer eg er veldig spesielt, seier Lie.
Nye rekordar?
Også den gamle rekorden på Agder vart målt på Hovden. Då må vi tilbake til 23. september 2002.
- LES OGSÅ: Nesten kulderekord i juli
– Kan vi vente oss nye kulderekordar i dagane som kjem?
– Når morgondagen er omme er vi over i oktober. Då vert det heilt andre kuldetal vi har å forholde oss til. Det spørs om dette finvêret held seg inn i helga, seier Lie.
Også i Hedmark har det vore temperaturar ned mot 8-9 minusgrader det siste døgnet. Dette er likevel eit stykke frå kulderekord i det området.
Fire kalde netter på rad
På Røros vart det målt minus 8,5 grader i Bergstaden i natt. Det er fjerde natt på rad at temperaturen synk under fem minusgrader. Ifølgje adressa.no er det meir enn 50 år sidan det vart målt så mange ekstra kalde netter etter kvarandre i september.
– Det er nok eit godt stykke unna rekord. Temperaturane er ikkje spesielt låge i landet. Hovden er litt spesielt, og kanskje ikkje representativt for Agder totalt sett, seier vakthavande meteorolog, Børje Johansson til NRK.no.
– Dei neste dagane vil det komme meir skyer innover og det vil bli meir vind. Så eg tvilar på at vi vil sjå nye kulderekordar i nær framtid. Temperaturane vil nok stige litt, seier han.
Kaldast i landet i natt:
- Hovden - 8,7 grader (ny kulderekord)
- Røros - 8,5
- Drevsjø - 8,5
- Dagali - 8,3 (ny kulderekord)
- Grotli - 8,2 - (ny kulderekord)
- Hemsedal - 7,7 (ny kulderekord)
- Tynset - 6,7
- Snåsa - 6,0
- Geilo - 5,9
- Vågsli - 5,6