NRK Meny
Normal

Ny besøksrekord for Dyreparken

Dyreparken i Kristiansand er i medvind og har allereie sett ny besøksrekord i år.

Rekord i Dyreparken

REKORD: Dyreparken i Kristiansand har gode besøkstal i 2011.

Foto: Ole Martin Buene / Dyreparken

Til no har 800 000 menneske besøkt Dyreparken og det nye Badelandet.

– Nok ein milepæl er passert, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamot i ein e-post til NRK.no.

I fjor var 758 000 menneske innom Dyreparken. Trass i eit år med dårleg vêr gjekk altså besøkande nummer 800 000 gjennom portane i helga.

Tidlegare i år sette Dyreparken i gang si største utbygging nokonsinne. Sjørøvarbyen skal stå klar i løpet av 2012 og kostar over 200 millionar kroner.