Hopp til innhold

NRK-reporter isbada på direkten

Sørlandssendinga sin morgonreporter, Kim Nystøl, kom sjølv på idéen om å isbade. I morgonsendinga torsdag måtte han til pers.

– Eg har aldri grua meg så mykje til å gå på jobb. Eg har jobba her i sju år no, sa Kim Nystøl like før han skulle uti det kalde vatnet på Bystranda i Kristiansand.

HØYR INNSLAGET: Reporter isbadar på direkten

– Håpar vi sjåast igjen

Og han fekk seg ei overrasking før han våga seg uti. Han måtte nemleg vere ute i vatnet i 45 sekund for å kunne kalle seg isbadar.

– Eg tenkte det var in and out, litt sånn kjapt og greit. Men neida, her seier dei at for å bli isbadar, som visstnok skal vere så kult, må du vere uti i 45 sekund. Det får vi no sjå på, vi får ta ei vurdering undervegs, sa han.

På «sidelinja» sto dei andre isbadarane med klokker og tepper.

– Vi får berre sjå korleis dette går. Eg håpar vi sjåast etterpå, sa han til programleiar Tom Nicolai Kolstad rett før han skulle i aksjon.

Fekk applaus

Kim hoppa til stor begeistring hos dei andre isbadarane.

– Kor lang tid er det igjen, ropte Nystøl.

– Du har vore ute i 10 sekund, sa sekundanten.

Etter 45 sekund kunne Nystøl komme opp igjen og varme seg til stor applaus.

– Dette følest greit. Eg er isbadar, var Nystøl sin kommentar etter å ha nådd målet; å bli isbadar.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %