Hopp til innhold

Norges største tekstilutsmykking utsett for hærverk

– Eg blir litt lei meg. Eg hadde ikkje venta dette, seier tekstilkunstnar Eli Nordbø til NRK.

Den røde tråd

Fleire trådar er kutta og det er skåre med kniv eller saks i teppet.

Foto: Eli Nordbø

Det var Else Marie Jakobsen som laga vevet. Ho vert rekna som ein av Norges fremste tekstilkunstnarar gjennom tidene. Jakobsen døydde i desember i fjor.

Kunstnaren har smykka ut ei rekkje kyrkjer og institusjonar.

Eli Nordbø var Jakobsen sin assistent då teppet «Den røde tråd» vart laga i 1981. Nordbø farga garnet og var sjølv med på veveprosessen.

Biletveven, som er heile 90 kvadratmeter, er Norges største og beskriv biletveven si historie frå Vikingtida fram til i dag. Teppet vert rekna som Else Marie Jakobsen sitt hovudverk, og heng i realfagbygget i Universitetet i Bergen.

Kan bli restaurert

For kort tid sidan vart hærverket på bilete oppdaga. Enkelte motiv er skåre ut, trådar er kappa av, nokre trådar er brent, og delar er skåre opp med kniv.

Universitetet i Bergen har engasjert Eli Nordø for å gi ein tilstandsrapport og sjå på moglegheitene til restaurering.

– Eg vart bede om å sjå på det. Eg trudde det var nokre steinar som var teke vekk, for det har skjedd før, eller kanskje nokre trådar som var slakke. Men då eg så at det var store kutt og eit stykke som var skåre bort vart eg lei meg, seier ho.

– Ikkje berre på Else Marie sine vegne, men også på mine, sidan eg har vore med på å veve det, seier ho.

Eli Nordbø

Eli Nordbø vart lei seg då ho såg at verket var utsett for hærverk.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Høyrer til musé

Vevstova til Else Marie Jakobsen er gitt som testamentarisk gåve til Vest-Agder fylkeskommune. Alt som den inneheld høyrer til no museet.

Nordbø er spent på om ho får lov til å bruke renning eller garn frå vevstova. Ho håpar uansett å få tilgang til kartongen, for å kunne setje bilete i stand igjen.

– Det er viktig at eg får tak i kartongen, dersom den finst, til stykket som er borte. Der kan museet hjelpe meg, og det håpar eg på, seier ho.

– Eg må prøve å sy det saman på ein måte utan at det må takast ned, seier ho.

– Formelle vurderingar

Agnete Kjellin ved Fylkesmuseet i Vest-Agder har førebels ikkje fått ei skriftleg melding på at verket er utsett for hærverk. Difor kan ho ikkje gi noko klart svar på dette.

– Når ein førespurnad kjem, vil museet drøfte kva som er mogleg å gjere. Innhaldet i Else Marie Jakobsen si vevstove høyrer til museet no, seier Kjellin til NRK.

– Difor er det mange formelle vurderingar som må gjerast. Det ville vere kontroversielt å gi ut alt materialet, og det vil kanskje heller ikkje vere riktig å gjere, seier Kjellin.

Den røde tråd

Fleire av trådane som heng under teppet er også svidd av.

Foto: Eli Nordbø
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %