Hopp til innhold

Møter eliteserielag i cupen - spår folkefest

Trenarane i Vindbjart og Arendal Fotball er strålande nøgde med å få eliteseriemotstand i 3. runde i cupen.

Vindbjart - Start

Vindbjart slo Start i cupen i førre runde. I 3. runde møter dei Odd på heimebane.

Foto: NRK

Arendal skal spele mot Viking på heimebane. Vindbjart tek imot Odd på Moseidmoen.

Steinar Skeie, Vindbjart

Vindbjart-trenar Steinar Skeie.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Knut Tørum

Arendal-trenar Knut Tørum.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
– Dette er ein gledens dag i Vennesla. Dette vert ein folkefest. Det er heilt kanonbra. Eg trur vi bikkar 5000 tilskodarar på denne kampen, seier Vindbjart-trenar Steinar Skeie til NRK.

– Vi er strålande nøgde. Det er ikkje kvardagskost at det kjem ein storklubb som Viking med det namnet og den tradisjonen, seier Arendal-trenar Knut Tørum.

– Treng fleire vaffelsteikarar

I førre runde sjokkerte Vindbjart med å knuse Start 4-0 på heimebane. Arendal slo ut 1. divisjonsklubben Sandnes Ulf.

Start-sjef Even Øgrey Brandsdal og Kristiansand-ordførar Arvid Grundekjøn har allereie sagt at dei vil steike vafler i neste cuprunde i Vennesla.

– Eg oppfordrar Start til å stille med endå fleire vaffelsteikarar. Med så mange tilskodarar må vi også kjøpe inn fleire vaffeljern, ler Skeie.

Arendal-trenar Knut Tørum trur på sesongbeste når det gjeld antal tilskodarar i oppgjeret mot Viking.

Trur på ny skrell

– Eg trur vi kjem til å setje ny rekord for sesongen. Viking er ein klubb som har eit bra namn og trekkjer folk. Men det viktigaste er at vi gjer ein god kamp. Dei som kjem skal få full valuta for pengane, seier Tørum.

Dei to trenarane har tru på at dei kan slå eliteseriemotstanden i neste runde.

– Viking er soleklare favoritter. Men det er absolutt mogleg med ein skrell. Vi skal vere godt budde. Vi har alt å vinne og skal bite godt ifrå oss, seier Tørum.

– Odd er sjølvsagt kjempefavorittar. Endå større enn Start. Vi har ingenting å tape. Dette er berr ein bonus. Vi skal nyte kampen og berre kose oss, seier Skeie.

Slik er oppsettet for 3. runde:

2. juni:
Fyllingsdalen - Molde

3. juni:
Kvik Halden - Strømsgodset
Bærum - Kristiansund
Strømmen - Lillestrøm
Kongsvinger - Sandefjord
Gjøvik/Lyn - Sarpsborg 08
Notodden - Mjøndalen
Vindbjart - Odd
Arendal - Viking
Sogndal - Hønefoss
Hødd - Aalesund
Ranheim - Åsane
Levanger - Rosenborg
Senja - Stabæk

4. juni:
Tromsdalen – Bodø Glimt
Bryne - Brann

Se Start blir knust av Vindbjart

VIDEO: Sjå høgdepunkt frå Vindbjart - Start.

Se cupkampen mellom Arendal og Sandnes Ulf i opptak.

Sjå Arendal - Sandnes Ulf i reprise.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %