– Akkurat no lever eg av dette. Det har eg gjort sidan eg tok permisjon frå jobb i april, seier Morten Brenna.
25-åringen frå Kristiansand jobba som tømrar og har tidlegare drive med fotball og bordtennis. Men no er det diskgolf som gjeld.
I sommar har han reist Europa rundt for å spele turneringar.
– Eg har nok spelt 15 turneringar så langt i år, seier Brenna.
Morten Brenna har spelt 15 diskgolfturneringar rundt om i Europa så langt i år. Her trenar har på banen på Sukkevann i Kristiansand.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKVanskeleg satsing
Akkurat no er Brenna rangert som den tredje beste nordmannen på verdsrankinga i diskgolf.
Totalt er han rangert på plass 162.
Brenna speler på proffnivå, men påpeikar at det ikkje er eit liv i luksus.
– Det er lite luksus og handlar meir om å leve så ein held ut. Å satse i denne sporten er ikkje for alle.
Han seier det går greitt for han.
– Men eg ser at eg hadde slite med å dekkje eit huslån medan eg satsar.
Sport i vekst
Brenna har med seg rundt 23 diskar i sekken han bruker til konkurransar.
I bilen har han 50 diskar til.
Diskene blir oppbevart i ein sekk som er lett å dra meg seg frå korg til korg.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKMen sporten treng ikkje vere dyr å komme i gang med, meiner han.
– Skal ein ut å spele med kompisar for gøy, held det å investere for 300 kroner. Ein kan ha det kjempegøy med berre eit par diskar, seier han.
Mange har fått auga opp for sporten dei siste åra.
– Medlemstala har vore i sterk vekst sidan korona. No har vi nesten 8000 aktive medlemmer og meir enn 140 klubbar over heile landet, seier Erik Hammer Staalesen.
Han er diskgolfansvarleg i Noregs Amerikanske Idretters Forbund, som diskgolf ligg under.
Målet i diskgolf er å lande disken i korga på færrast mogleg kast.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK