Hopp til innhold

Moland og French stolar på UD

I januar lova kongolesiske styresmakter fortgang i utleveringa av dei to dødsdømde nordmennene. Framleis har ingenting skjedd. No set Tjostolv Moland og Joshua French si lit til UD. Nye forhandlingar startar i dag.

Video Tror på positivt resultat

Predikant Rune Edvardsen tror nå på et positivt resultat i utleveringssaken, men vil ikke spekulere i når det vil skje i media.

Rune Edvardsen

Rune Edvardsen

– Ein merkar at dei er slitne no, utruleg slitne. Det å heile tida tru at noko skal skje som ikkje skjer er ei belasting, spesielt i dei omgivnadene, seier predikant Rune Edvardsen til Agderposten.

– For dei er eit døgn ein evighet. Du kan tenkje deg sjølv. Cella deira er tre gonger fem meter. Dei søv på madrasser på golvet og har nokre enkle plastmøblar. I tillegg til støy og ein ubeskriveleg stank er dei plaga med kakerlakkar, mygg og rotter, seier Edvardsen.

Vil ha fortgang

Natt til tysdag kom Edvardsen tilbake frå Kongo etter å ha besøkt dei to i cella.

– Dei er flinke til å sikre seg. Dei trenar og gjer alt dei kan for å halde motet oppe. Dei håpar at møta dei næraste dagane kan gi resultat. Dei trur dei skal komme ut, men har slutta å håpe på datoar, seier han.

Om rundt to månader har dei to sitte i fengsel i Kongo i to år. Onsdag er ambassadør Jon Vea i Kinshasa for å presse på styresmaktene i Kongo med tanke på utlevering til Norge.

– UD er opptekne av å få fortgang i denne saka. Vi vil løfte opp møta vi hadde i januar og løfta vi vart gitt då, seier han til avisa.

Håpar på gjennombrot

Han fortel at norske styresmakter er oppgitt over at saka dreg ut i tid. I januar vart UD forsikra om fortgang i utleveringssaka. Det var blant anna lova at dei to skulle overførast til sentralfengselet i Kinshasa, som er første skritt på veg heim til Norge.

– Det er uvanleg at styresmaktene i eit land ikkje etterlever løfter ein gir overfor andre styresmakter, seier han.

– Det gjer denne saka uforutsigbar og vårt arbeid vanskeleg. Difor er det ekstra viktig at vi faktisk reiser til Kongo for å leggje press på kongolesarane. Vi håpar jo at det skal komme eit gjennombrot, seier han.

Tjostolv Moland på cella i Kisangani

CELLA: Moland og French lever under tøffe forhold i cella i Kongo.

Foto: Sjømannskirken

Slår ihjel rotter kvar dag

Dei to nordmennene har fått ein bærbar DVD-spelar, filmar og bøker inn i cella for å få dagane til å gå. I tillegg har dei fått eitt aggregat.

– Det er til stor hjelp. Når det er 40 grader og straumen er borte kan dei likevel ha to små vifter som dei har skaffa seg, gåande. Vanlege folk, som ikkje har den erfaring og bakgrunn som dei to har ville ha brote saman for lenge sidan, seier Rune Edvardsen.

Ifølgje avisa har Moland og French ein eigen rottepinne, som dagleg vert brukt til å slå ihjel rotter med.

– Betre dialog no

Mathilde Moland

Mathilde Moland

Foto: Lars Eie/NRK

Tidlegare har familiane til dei to kritisert UD for ikkje å prioritere saka. No har Mathilde Moland inntrykk av at norske styresmakter pressar på for å få fortgang.

– Eg føler det er ein betre dialog og at dei vert teke meir på alvor no enn tidlegare, seier ho til Agderposten.

– Eg har forhåpningar, men ser samstundes ikkje vekk ifrå at dei må feire toårsjubileum på cella. Men så lenge gutta der nede held ut og klarar å ta ein dag av gangen, må vi her heime også klare det, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %