Hopp til innhold

Mjelde varslar rullering på laget

Start-trenar Mons Ivar Mjelde gjorde fleire endringar i startoppstillinga før kampen mot Rosenborg. Trenaren varslar at det vil bli meir rullering denne sesongen.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde på Lerkendal under oppgjeret mot Rosenborg torsdag. (Arkivfoto)

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Vi ynskjer konkurranse om plassane og ynskjer å rullere meir på laget enn tidlegare, seier Mjelde til NRK.

Fire av spelarane som starta i heimekampen mot Vålerenga for ei veke sidan måtte finne seg i å sitje på benken frå start mot Rosenborg.

Nøgd med innsatsen

Keeper Håkon Opdal vart bytt ut ned Ingvar Jónsson. Flest endringar var det i forsvarsrekkja. I midtforsvaret vart Alex de John sett på benken på Lerkendal.

Søderlund

Alexander Søderlund senka Start med to scoringar på Lerkendal torsdag.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Robert Sandnes fekk tillit frå start på venstrebacken. Jon Hodnemyr erstatta ein skada Ole Martin Rindarøy på høgrebacken.

Det var Michael Christensen og Rolf Daniel Vikstøl som utgjorde midtforsvaret frå start mot serieleiaren.

Også Solomon Owello vart vist til benken til fordel for Emil Dahle.

– Eg tykkjer responsen i første omgang er knallgod, seier Mjelde.

– No håpar eg at Espen Hoff og Ole Martin Rindarøy er tilbake mot Tromsø søndag. Der skal vi byggje vidare på det beste frå denne kampen, seier trenaren.

– Tøffe i trynet

Start gjekk offensivt ut på Lerkendal torsdag kveld og tok leiinga allereie fire minutt ut i kampen. 1-0 til sørlendingane var også pauseresultatet.

– Start var best frå Start. Vi er tøffe i trynet og tek kommandoen i kampen og har store sjansar til å gå opp til 2-0, seier Start-trenaren.

I andre omgang var det heimelaget som styrte det meste. Etter at Alexander Søderlund hadde utlikna for trøndarane vart Robert Sandnes utvist då han fekk sitt andre gule kort for kvelden.

– Det blir tøft i andre omgang. Vi gjer vekk ballen for enkelt og det vert vanskeleg når vi blir ti mann, seier Mjelde.

Start tapte til slutt 2-3 på Lerkendal.

Søndag kjem Tromsø på besøk på Sparebanken Sør Arena.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %